Brunost og Mjølkesjokolade

I dag fekk eg pakke i frå mamma. !!!!!!! Most brunost med to artikklar om skuleforhold i Asia og to plater med mjølkesjokolade. Eg lo godt når eg opna blandinga. Det vert ete opp, det er sant og visst. Men eg trur ikkje brunost er det beste å sende i ein kanskje litt for stor konvolutt? Det einaste som manglar no er heimalaga brød. Meg kjenner eg mamma rett, så får eg det servert når eg kjem heim om mindre enn to mnd. Mindre enn to mnd. Herregud, eg følte eg kom til Hong Kong i går og no har eg snart budd her i eit og eit halvt år. Det er spøkje å tenkja på.

På Mandag skriv eg ei liste over ting eg måtte gjere den dagen, og i dag er det Onsdag og er framleis ikkje komen halvvegs på den lista, deprimerandes.
1. Engelsk: les kap. 4&5 (100 sider om lite intressant informasjon)
2.Historie: Japan, (tek framleis livet av meg)
3.Biologi: Prøve den 25. Oktober, les heile dagen... SUKK!
4.E.E (Kven kom på E.E forresten?!)
5. TOK, skriv på nytt...
6.Historie, rettsoppgjeret etter andre verdskrig i Noreg (Ferdig ETTER jul!)
7. Matte, har den på gli...!
----
8. Ring British Airways
9. Send e-post til: Marie og Kari

Lista er framleis den same sjølv om det er Onsdag i dag og eg skulle vore ferdig med halvparten av det som er på den. Eg har ikkje ein gong greid å ringe til BA, kva er det eg sullar tida mi vekk på? Eg må visst ta meg saman her no. TA MEG i SAMAN!

Comments

Popular Posts