Hong Kong, ein plass å bu i framtida?

På fredag var eg i bursdagselskap til ei jente her på skulen. Ho er fransk, men faren jobbar i eit internasjonalt selskap og bur i HK for to år. Me var heime hjå ho, ho bur på HK Island, Wan Chai som er ganske sentralt og ganske dyrt... Men for blokka som ho bur i høyrer det med svømmebasseng, sauna, mange kjekke fasilitetar som er strengt tatt unødvendig å ha men likevel fint å ha! Me som var invitert fekk både svømme i bassenget og bruke sauna OSV. Og medan eg låg ryggen og svømmte og kikka opp på skyskraparane i HK tenkte eg med meg sjølv at kanskje det ikkje hadde vore så verst å budd i HK på eit seinare tidspunkt i livet mitt. Men sjølvsagt, eg må ha ei lønn som skal betale for dette. Og eg trur ikkje utdanninga som eg har tenkt å ta gir så mykje avkast av seg. Men ein kan jo alltid drøyma...
Bursdagen var super, etter basseng og sauna så for me opp og då meine eg opp også!, til leiligheiten deiras som var toppleiligheiten. Dei har to etasjars leiligheit og ballkong. Frå ballkongen var det vanskeleg å sjå jorda der nede... SKUMMELT! Eg var redd, livredd. Høgdeskrekk er ikkje noko særleg når ein er så høgt oppe. Utanom det så fekk me kjempe god mat, og den beste sjokoladekaka eg trur eg nokon gong eg har smaka, men no må da jo nevnast at eg leve på kantinemat som ikkje fell heilt i smak hjå meg. Skal bli godt å få koma heim til jul...

I morgon er det prøve i biologi, og det er så vanskelig, eg kjem ALDRI til å hugsa alle terminane på engelsk, og enda verre vert det når eg ikkje finn ut kva meininga deiras er på norsk, eg vert ein anelse frustrert. Men då er det å pugga, pugga, pugga. Av ein eller anna grunn kjem pappa si stemma opp i hovudet mitt når eg skriv ordet "pugga". Eg veit ikkje heilt korleis eg skal tolka det? Men tilbake til bøkene....

Comments

Popular Posts