Treng ein alltid ha ein tittel for alt?

Eg sitt i senga og høyrer på "Driving home for christmas" Ja, eg veit det er ikkje ein gong November. Men eg har mine gode grunnar. Eg snakka med British Airways i går. Den 14 Desember er eg attende på Norsk jord. Og Driving home for Christmas er ein genial song når ein bur vekke, og ein skal heim til jul. Driving home for christmas, I can't wait to see those faces... Og det er akkurat det eg gjer, eg gledar meg til sjå igjen familie og venner som det snart er fire mnd. sidan eg sist såg. Eg vert heilt, kva er det ein kallar det då, kjem ikkje på ordet i farten, no vert eg irritert. Eg har ordet på tunga!! Men eg bør kanskje slutte å høyre på julemusikk i Oktober, men det jo ikkje akkurat det at det er ein julesong, det er meir betydninga av den. eg kjem framleis ikkje på det ordet, irriterande. Og no skal eg ha time også...

Comments

Popular Posts