Isbjørn i hagen?

No er det byrja å bli kaldt her i Hong Kong, eg har teke fram lamullsgenseren og ullvangsokkane. Temperaturen er 20 grader. No veit eg at det er nokon som sitt og ristar på hovudet på andre sida av kloden. Kaldt?! Eg veit ikkje kva kaldt er lengre. Eg har adoptert til klimaet her, og her er det kaldt. Ikkje noko luftfuktighet og sola varmar ikkje i det heile. Og heile tida kjem det kinesara opp til meg og spør kvifor eg frys? Er ikkje du frå Nordpolen då? Ehhe, eg er no litt lengre sør enn Nordpolen, og viss du som kinesar frys, så kvifor skulle no ikkje eg fryse? Me er jo på same plass. Av og til kan ein stilla spørsmål ved den såkalte intelligensen deiras. Går du på ski til skulen er og eit vanleg spørsmål. Den beste var om eg hadde isbjørn i skogen/hagen! Men dette er jo sjølvsagt ikkje alle som kjem på og spør om slikt. Eg tek det med eit smil, men tenkjer mitt i mitt still sinn. Dei høyrer kanskje ikkje så mykje anna om Noreg enn at det er kaldt og masse snø, me får tru det.
Men no har eg nett vore inn på nrk.no og eg kan lese at snø skaper kaos på flyplassane, hurra!! Eller eg får no håpa eg kjem meg heim til jul, det vert jo sjølvsagt ikkje noko problem med snø i Hong Kong men kanskje når eg kjem til Oslo. Men no er det endo tre veker til eg kjem heim, og eg har byrja å få sommarfuglar i magen berre ved å tenkja på det. Eg har ein del ting eg skal gjera når eg kjeme heim, men det er ikkje lurt å planlegga for mykje, ein får aldri gjort noko då.
MEN desse tinga SKAL eg gjer:
1. På fjelltur med pappa (håpar det er noko snø!!)
2.Eta maaaaaaasse norsk GOD mat: heimalaga bollar med smelta smør og norwegia. Det har eg drøymt om i lengre tider no. Og komla. Sjokoladekaka og iskald mjølk. Laks med agurksalat og mandelpoteter. Kjøttkaker. Morfar sin røykefisk med kvit sos.
3. Eta frukost med familien min på kjøkenet, ein av dei evig varande frukostane.
4. Reisa til Røldal og stå på snowboard med Alfi.
5. Til Stord på førjuls besøk, sånn som alltid! Av ein eller anna grunn så forbinde eg Stord med mass snø. Og at det alltid er snø når me er det før jul. Eg håpe det skjer i år og.
6. I kyrkja på juleafta, det treng ikkje ver snø på juleafta så lenge det ikkje regnar!!
7. Stallen, men det vert ikkje det same lengre no som ikkje Saidy er der.
8. Klyppa brakje med Bernt i skogen.
Jul heime er ein fin kombinasjon av god mat, venner, litt stress og tid med familie. Eg gledar meg, kan ikkje venta med å sjå igjen alle saman. Føler eg har vore vekke så lenge, men samstundes at det var i går eg reiste til Hong Kong. Ein uforklarleg følelse.

25 dagar igjen...

Comments

Popular Posts