Thailand, ein svensk koloni?

Etter å vore seks dagar, kan eg med handa på hjarta slå fast, at det for augenblikket nok er fleire svenskar i Thailand enn kva der er i Sverige. Det var faktisk på kanten til å bli irriterande. Har dei ikkje noko anna å ta seg til? Eg veit det er noko som heiter skuleferie og fri frå jobb. Men eg traff ikkje ein einaste nordmann under 30 år. Og dei nordmenna eg traff var brautande stutar frå austlandet, så dei gadd eg ikkje ein gong snakka med. Sunn fornuft forsvinn visst når ein er på tur...
Men me kom til Phuket den 31 Oktober, me låg der ei natt. Neste morgon tok me buss til Krabi, tok oss 2,5 timar og kosta 117 Bath, tilsvarar rundtomkring 20 NOK. Litt forskjell i pris frå Thailand til Noreg, derfor er det fint å vera nordmann i Thailand! Når me kom til Krabi tok me båt ut til ei starnd som me hadde blitt anbefalt av ein lærar her på skulen. Eg har vore i Thailand før. og trudde at det skulle vera slik som eg var sist gong, der tok eg feil... Så det var ei lita deprimert gruppe så vandra rundt i øspøs regn og leita etter ein stad å bu. Plassen me kom til var ein odde, eller halvøy. 45 min frå Krabi town. Plassen heiter Railay og er mekka for klatrara og svenskar! Omgivelsane er typisk slik som du ser på reklamar, med asurblåt hav og rare øyformasjonar, limestone? Eg veit ikkje heilt kva det er på norsk. Railay består av Railay vest og aust. Aust består av ei mongrovestrand og billige plassar å bu, medan på vestsida var det ein del dyrara å bu og ei fin strand. Me gjekk først til vest sida, men etter å ha forhøyrt oss litt rundt og lese litt i LonelyPlanet visste me ikkje heilt kva me skulle gjera. Me traff då eit tysk par som me hadde følge me resten av veka, dei hadde nett komt frå Koh Phangan, der eg var sist eg var i Thailand. Og dei var ein smule skuffa dei og over Krabi. Me gjekk rundt i lag og prøvde å finna ein plass å bu, men det vart mindre og mindre moglegheitar. Eine plassen me var til kunne me få bu for 200 bath per natt. Billig, men (det er eit STORT men der) me fekk ikkje lys før etter kl. 6 om kvelden og det var vanleg at skorpionar og slangar kom inn på romma. Me takka fint nei. Til slutt enda me opp på Railay aust, der me betalte 1500 bath for ein bungalow! Dyrt, men me hadde varmt vatn og det gjekk ant å dra i snora på WC'en (noko som ikkje er vanleg nokon stadar i T.land) Det tyske paret bestemte seg og for å overnatte på same plassen som oss, og den kvelden var me ute og åt middag med dei. Kjempe trivelige begge to!
Resten av veka vart litt betre, etter at me fekk komt oss over til ein plass der me betalte 400 Bath. Og etter å komt oss ut til nokra av øyene som det gjekk ant å ta båt til, det var supert! Me var og å snorkla ein dag, og eg er supergira på å ta dykkerlappen no. Men det får bli til neste gong eg skal til Thailand. Og neste gong eg skal til Thailand, vert det for ein lengre periode. Altfor lite med berre seks dagar. Dagen me var og snorkla hadde me lite flaks med oss, når me skulle heim så vart det HØGE bølger, me heldt på å kvelta med båten, eg var pissredd, og eg plar aldri vera redd til sjøs. Det var også høljregn, så kombinasjonen kunne ikkje vore betre!
Me hadde svært skiftande ver heile veka, noko som gjorde at me følte me blei litt hindra i å gjer alt me ville. Men det var herleg å koma vekk frå Hong Kong, skulen kan bli litt for mykje. Og då er det å pakka sekken å reisa avgårdekåre. Thailand er eit flott land, men er prega av både negative og positive sider ved turisme, folka der er opne, og hjelper deg med kva enn det skulle vera. Og maten, den er himmelsk!

Comments

Popular Posts