TOK in my a**!!!

No dett snart augo ut av hovudet på meg. No har eg prøvd å fått gjort meg ferdig med denna oppgåva, men da har for da mesta blitt til at eg har sett på og irritert meg over at nokon i det heile kan koma opp med eit fag som TOK. Greit, noko av det er relevant, men noko av det er berre humbug! Eg får aldri bruk for det allikevel. Samstundes har eg tusen andre ting eg held på med, som vanleg. Ein vert ikkje gjerandes laus på denna plassen kan du tru! Eg skulle nok ha lege i senga mi og sove no, klokka er 16.45 norsk tid, legg du på 7 timar har du klokka i HK. Langt forbi leggetid...
Akkuart no ser eg vagt på eit karakter kriteria skjema. "Is the essay structured, clear and logically coherent?" Spør du meg så spør eg deg! Problemet med oppgåva eg skriv er at det er om etikk. Og etikk er SUBJEKTIVT!! Noko som i praksis betyr at den eventuelle eksaminator som rette oppgåva, viss han/ho har same meining som meg angåande etikk, så kjem eg til å gjera da brrrrrrra! Men har me litt ulike meiningar så synd for meg! Så dagens moral, aldri skriv essay om etikk! STYR UNDA!
Men før eg slokne her no, til dåke som held dåke oppdatert om meg gjennom denne sida, rett under postane mine så står det med blå srift "0 comments" viss du som lesar har lyst å trykka på "0 comments" så kan du faktisk legga igjen ein beskjed til meg. Då vert eg glad!
Men no må eg få litt skjønnhetssøvn. Eg kjem snart til å sjå ut som eit troll, søve kanskje 5 timar kvar natt!
OG før eg sovne, eg jogga i dag! EIN TIME! Eg skal ikkje skryta på meg noko superform, føle meg som ein dass eigentleg. Men no skal eg prøve å ta meg isaman. Nei, God natt!

Comments

Anonymous said…
heihei!=)
no har eg nettopp lese ein koseli mail frå deg ...men ka e da der free sms greiene du sende? e da bra, at da funke?? da hørres jo faaantastic ut då!=) også lura eg på om da berre e du så kan sjå detta...e da privat elle published?
uansett så gleda eg meg skikkeli t jul no ja..
eg e faktisk ferdig på skulen 9.desember, men ska jobba 18&19 desember i byen, så eg vett ikkje heilt ka ti eg fere heim enno. blir sikkert før den helga..
elles må du passa på deg sssjøøøl veit du, og veta at eg lure ofta ppå ka du gjere på akkurat no..at eg savna deg.
stor klem frå kristi=)

Popular Posts