UWC dag

På onsdag hadde me UWC dag. Dagen gjekk ut på å setja søkelys på kva eigentleg eit UWC er. Og kva er det eigentelg? UWC er ein organisjsjon som har som mål å få ungdom frå heile verden samla på ein plass. Ta ein utdanning i lag, men ikkje berre med dei vanlege faga, det er noko meir enn det. Det er utdanning innen forståelse for andre kulturar, religionar, OSV. Internasjonal forståelse er eit sentralt grunnprinsipp. Også ved å delta i ulike samfunns tjenandes arbeid, som arbeid på gamleheim, institusjonar og organisasjonar av ymes slag. Iden om ein slik skule dukka opp etter andre verds krig, då ein såg at for å unngå slike tragediar i framtida måtte ungdom, eller dei komande generasjonane koma saman for å skapa fred. Den første skulen vart opna for 34 år sidan i Wales, Atlantic College. Ein av ildsjelene bak organisasjonen er Kurt Hanh, som var den første politiske fangen i Hitler Tyskland. Han grunnla også ein skule i Tyskland, Salem, som er bygd på same prinsipp som UWC.
Etter som år har gått har UWC familien vekst, og i dag består den av 10 skular. I USA, New Mexico, Canada, British Colombia, Venezuela, Wales, Italia, Norge, Swaziland, India, Singapore og Hong Kong. Det er håp om å opna opp fire nye skular i dei komande åra. I Jordan, Kina, Bosnia og Øst- Timor. Men etter som UWC har hatt ein del økonomiske problem, nyleg no i Italia, der regjeringa gjorde eit kutt i budsjettet på ca. 800000 euro. Som utgjer ein så betydlig sum, at det er fare for at skulen må leggjast ned. Det same problem oppstod i Norge i fjor, då den norske stat føreslo å fjerna ein del av statsstønaden, dette skjedde heldigvis ikkje.
Det me satte søkelys på denne dagen er kor Li Po Chun står som ein del av UWC bevegelsen. Kan me med rette kalla oss eit UWC? Problemet ein møter her i Hong Kong, er at skulen blir publisert for loklabefolkninga som eit springbrett for ein eventuell utdannelese i USA eller England, og då med spesiell tanke på IVY leauge skulane og Oxford og Cambridge. Så fokuset blir til tider meir akademisk enn kva det skulle vore. Med tanke på at me er her for meir enn berre koma inn på elite skular rundt omkring i verda. Det er sjølvsagt ikkje til å slå under ein stol at dei fleste som går på eit UWC har ein solid akademisk bakgrunn (eg siktar ikkje til meg sjølv her!) Men ein føler det spesielt her, ettersom me av ulike grunnar er her. Eg veit at det er ulike personar og ulike prioteringar, at for nokon er utdanning den einast moglegheiten til eit anna liv, eventuelt viss du kjem frå land som er krigsherja, eller det rett og slett ikkje er eit utdanningssystem i landet ditt. Mange kinesera har også foreldre som forlangar at dei prestere. Og det er dyrt å gå på ein skule som dette. Det som og blei diskutert i forhold til skulen er at me har mykje på programmet. Har UWC for store forventnigar i forhold til eit individ. Me har IB som er eit svært krevande program men i tillegg så har me Quan Cai, som er det utenom akademiske programmet ein må ta del i for å få IB-diplomaet. Dette prgrammet består av service, campus support, ulike kreativitetar og aktivitetar. Korleis skal ein få tid til å gjera alt dette fult og heilt. Er det ikkje betre om ein kanskje kuttar ned på nokre ting, slik at ein yter 100% på dei tinga ein verkelg vil gjera noko for. Av og til føler eg at forventnigane som vert stilt til ein, er meir enn kva eit normalt menneske kan tolerera. Ein skal yta maksimalt på alle plan. Og her som konkurranse instinktet er så høgt, er det enekelt å få ein knekk i sjølvtilliten. Eg må ærleg innrømma at eg har fått ein saftig ein, noko som eg ikkje har hatt problem med tidligare.
Det er flott at folk har tru på ein og at det fins akademiske program som dette. Men dei fleste som tek dette startar når dei er mellom 15 og 18 år. Eg tenkjer med meg sjølv at krava som vert stilt til meg meir skulle vore til ein person på 22 enn 18. Dette er dei beste åra i livet mitt men på same tid, dei verste. Ikkje veit eg kva som er rundt neste sving og ikkje veit eg kvar eg er om eit halvt år. Nokre gonger kunne eg ynskje nokon bestemt for meg kva eg skal gjere. Men sjølvsagt, det er for enkelt.

Comments

Popular Posts