bok eller fotanalyse?

Eg er litt bekymra for denne foten min, eg greier ikkje lengre å bevege tærno så mykje som eg har pleid å gjer. Eg sitt å samanliknar den friske foten med den sjuke. Og for å ver heilt ærleg den sjuke, ser verkeleg sjuk ut. Heilt merkeleg, han er litt på skakko. Ser ut som ei banan. Og det er det som bekymrar meg litt, eg får ufrivillig skjelvingar når eg prøver å halda han i ei normal stilling. Eg lurer på kor lang tid dette her eigentleg kjem til å ta. Eg er litt skeptisk til doktoren min sin optimisme, han meinar at eg skal greia å gå fint innan ein mnd. Eg veit ikkje heilt, det er ikkje det at eg prøver å vera pessimitsk her, men eg stiller meg litt spørjande til akkurat det.
No har eg 2653 ord på E.E'en. min, eg er møkklei. Kvifor skal ein driva å analysera ihjel bøker? Er det derfor bøker blir skrivne? Vesaas sa ein gong at bøkene han skreiv vart ikkje skrivne for at folk skulle analysera dei ihjel, kvifor har ikkje lærarane det same synet? Det er fint å tenkje på at dette er sist gong eg analysere ei bok på denne måten. Eg er glad i boka, rettelse, var glad i boka. Når du har lest gjennom den utallige gonger og sitt og spør deg sjølv heile tida kvifor forfattaren skriv slik og ikkje slik, vert ikkje gleda ved boka så stor lengre. Men det er ikkje dermed sagt at ikkje meinar at bøker skal lesast og folk må jo berre analysera dei. Dei gjer jo ofte eit godt bilde av samfunnet på den tida boka vart skriven. Ja altså, no skal eg ikkje inkludere alle bøker her. Eg greier ikkje heilt å bestemme meg for kva eg meiner her heilt no. Einaste eg veit er at innan i kveld skal det vere 3000 ord i den oppgåva. Bør hiva meg rundt og få gjort litt meir arbeid.

Comments

Popular Posts