den største skrekk i livet

Pust inn og ut, djupt i frå magen. Når alt som skal lesast igjennom føre ein eksamen aldri ser ut til å ta slutt, så vert ein ein smule stressa. Eller som i mitt tilfelle, blir handlingslamma. Heldigvis er eg I arbeidsmengda, ikkje UNDER. Eg må prøve å ikkje tenkje på alt saman, at eg skal greie alt saman på ein gong, men at eg må jobbe igjennom det. PUST PUST. Akkurat no virkar alt uoverkomelig, noko som slettes ikkje er bra i det heile tatt. Når ein vert skrekkslagen av eit enkelt spørsmål så elementært som "kva består ei celle av?" Då er det noko som er svært gale. Eg trur det er best at eg peile inn på arbeidet mitt igjen, viss ikkje kjem eg til å bli "haunted by the IB for the rest of my life...!" og ja, det er min største skrekk å ikkje stå på alle eksamenane. Står eg på alle, så kjem eg til å vera høgtfykande for ei SVÆRT lang tid.

Comments

Anonymous said…
AKKURAT DER!!! Kan eg sei at eg forstår deg, faktisk så altfor godt. Uff, da e fæle greier...

Popular Posts