Dim Sum

Det er ikkje kvar dag ein har kulinariske opplevelsar. Men i går hadde eg ein av dei. Etter å ha budd her i nesten to år, så eg er nesten litt flau over at eg ikkje har fått gjort dette før og det var å ha eit Dim Sum måltid. Dim Sum betyr "noko som berører hjerta", det berørte iallefall smaks sansane mine, om ikkje noko anna. Dim Sum er vanlegvis noko ein et til frulost, så me var 8 jenter som var oppe kl. 0730 på ein fridag. Det var ikkje alle som var lika begeistra for tidspunktet, men når alle hadde komt seg på beina var det ikkje SÅ gale lengre.
Eg lest nett ein artikkel i Dagbladet, der dei hadde vore og ete Dim Sum på ein resturant i Oslo, og dei hadde berre lovord å sei om maten. Det einaste dei kommenterte, var interiøret på plassen, som var "Elegant er ikke ordet som dekker best. Men det har en slags avslappet sjarm. Et sted man fort føler seg hjemme..." Då kan ein ganske fort konkludera med at dei ikkje har vore på ein tradisjonell resturant i verken Kina eller Hong Kong. For slik som bildet av resturanten i Oslo såg ut er akkurat slik det ser ut her i HK og på ymse plassar eg har vore i Kina. Men det er som sagt matopplevelse som er det viktigaste. Det som og var bra var at me hadde kantonesisk talande studentar med oss. Det var nok det siste måltidet blokk 4, andreårs jentene hadde ilag. Det er trist når ein byrjar å tenkje på at dette er siste gong eg gjer dette og dette i lag med den og den personen. No har eg og byrja å ta med meg kameraet mitt rundt om, sidan det kanskje er siste gong på leeenge at eg ser det igjen. Eg er klar for noko nytt men eg er ikkje klar for å forlata alle vennene mine, men som eg sa til ein kompis hin dagen "It's not goodbye, it's see you around...!"

Comments

Popular Posts