Lenge leve demokrati

Hong Kong er ein noko konservativ plass. Noko som igjen vert reflektert i samanheng med skulen her. Viss ein ikkje er gift, så har ein ikkje lov å sove i same seng, eller ha sambuar. Er ein homofil så er det dei same reglane som gjeld. Men det som og er for homofile er at det berre får 6 mnd visum til Hong Kong, viss ein har inngått partnerkap. Har ein inngått partnerskap som homofil har ein mindre rettighetar enn viss du var mann/kvinne gift. Religion har mykje å sei i denne samanhengen. Svært mangen er religiøse og i augene til ein person som kjem frå eit av dei mest liberale landa i verda så vil eg sei at dei er konservative.
“Through international education, shared experience and community service, United World Colleges enable young people to become responsible citizens, politically and environmentally aware, committed to the ideals of peace, justice, understanding and cooperation, and to the implementation of these ideals through action and personal example.”
Dette er Mission statementen til UWC, det høyres flott ut. Tenk å skapa ungdom som oppfyller alt dette. Saken er den at korleis er det mogleg å skape ungdom som dette når dei vesentleg verdiane manglar. Li Po Chun har eit styre som faktisk ingen av elevane veit kven er. Det er dei som bestemer alle reglane og det er dei som bestemmer at homofile ikkje har dei same rettighetane som andre mennesker. Og at ein familie i følgje dei består av far, mor og ein, to eller tre ungar. Verden er ikkje slik lengre, ein kjernefamilie kan no bestå av mor og mor og barn. Far og barn, alt etter. Foreldra mine er skilt, men mamma og eg er like mykje familie som ein ”vanleg” familie. Eg likar ikkje tanken på at det sitter nokre personar som skal styre og besteme over oss, også veit me ikkje ein gong kven dei er. Eit samfunn kan ikkje eksistera utan reglar, det ville vera å tru ein lever i eit utopia utan dei. Men skal det vera reglar så skal ein også vera med å bestemme kva desse reglane skal vera. Er det diktatur dei ønker me skal fremja? (satt litt på spissen her no) Me er her for å skapa forståelse, men dei gjer det ikkje så enkelt for oss. Lenge leve demokrati? ”Big Brother is watching you” Det føles rett og slett slik. Hadde det vore som på andre skular, skulle det vore representert både lærara og elevar i styret. Viss ein ikkje kan forander dei små tinga, korleis skal ein gripe fatt på dei større? Og korleis skal ein bli ”leaders of tomorrow”
Me er her for å forandre, eg håpar å sjå forandring før eg reiser. Eg håpar eg kan vera med å forandra.

Comments

Anonymous said…
Eg meiner at det demokratiet som det står om i leksikonet er langt på veg ikkje eksisterande. JA, me har folkevalgde, men det dei gjer i regjering og storting er heilt opp til dei sjølve.
Sjå no forresten på den foreslått reviderte utgåva av "Lova om åndsverk".
Alle medieekspertar og fagfolk seier at lova er ein trussel mot forbrukaren sine rettigheiter!!! Og kva gjer folka som styrer med desse innspela?!, Jo, dei drit ein long ein i alle råda.
Summa sumarum, så har vi ikkje noko demokrati.
Eg har ikkje problem med å forstå at alle ikkje kan ta del i avgjersle, men når halve folket reiser seg i forbannelse, og klagar på dårlig ressursbruk, ikkje då eingong kjem demokratiet til sin rett.
Løvebakken seier berre "Vi veit best!"

Når det kjem til idealfamilien så trur eg framleis at den er Mor, Far og Barn... Gjennom evolusjonen så er mennesket no skapt slik at det er kun ein mann, og ei kvinne som kan laga born.
Det finst sikkert tusen studier på dette, men eg trur det er best at eit barn har ein har mor og far, av den grunn at barnet treng verdiar både ifrå mamma og pappa. Utviklinga er i stor grad styrte av inntrykk som ein får når ein veks opp. Og Foreldra er ikkje noko unntak, ein bør få med både kvinne, og manne ting når ein veks. Når dette er sagt så er det ikkje meir etisk, eller moralsk feil å ha to mødre, eller fedre. Og i alle tilfeller må dette være likestilt. Men mitt synspunkt på saka er at eit barn har best utgangspunkt i å klare seg på alle mulige måtar, OM barnet har mor og far.

Boksen ein skriv desse meldingane i er altfor små, for ikkje kontrollera skrivinga etterkvart.. :-(

Popular Posts