Kina i eit jaffs

Tida fyk og no er det berre ti dagar igjen av turen min. No befinner eg meg i Shanghai, me kom her til i dag morges. Har ikkje hatt saa mykje tid til aa sjaa meg rundt enda, og dei eg reiser med ligg og sover i skrivande augenblikk. Me hadde ei laaaang reise i fraa LiJiang til Shanghai, med tyo bussreiser, eit tre timars opphald paa eit hotell og ein tre timars flytur rett over landet. Den siste veka har me vore i LiJiang, som er ein gamal by i Yunnan. Det er kjempe flott der, og byen er under UNESCS beskyttelse over freda plasser. LiJiang er ogsaa eit flott utgangspunkt for fjellturar i omraadet. Hannah og eg tok ein to dagars fjelltur, den er svaert kjend, Tiger Leaping Gorge. Paa det hogaste punktet var me ope i 2500 meter hogde og hadde ei fantastisk utsikt ned paa Yangzi River som startar i Yunnan og renn ut ved Shanghai paa andre sida av landet. Yangzi er Kinas lengste elv. Me hadde to overnattingar paa turen, noko som gjorde at me hadde frihet til aa ta nokre ekstra turar langs vegen. Men fordi det var saa steikje varmt saa vart det til at me gjekk dei distansane me var noydd til kvar dag og ikkje noko meir enn det. Me hadde litt for store plaen for oss sjolv for me starta ut, og innsaag etterkvart at me maatte innsjaa vaaras eigne begrensningar. Turen gjekk for det meste i eit bratt terreng enten det var opp eller ned. Til tider hadde eg store problemer med aa bevega meg ettersom eg vart paralysert av hogda. Aa sjaa tusen meter rett ned i ei svulmandes elv er ikkje det eg likar aa gjera mest her i verda, spesiellt naar det berre er steil fjellvegg paa ei side og rett ned paa andre sida. Hadde hog puls daa ja! Me traff paa 6 personar fraa Israel som me holdt lag med dei neste dagane. Ein av dei var hobby fotograf, og viste meg mykje rart paa kameraet mitt som eg ikkje hadde anelse om at det var mogleg aa gjer. Trur nesten eg maa bli hobbyfotograf eg og. Paa andre sida av Gorgen var det ei 5000-6000 meter hog fjellrekke, fekk nesten folelsen av at ein var i Nepal, men saa er ikkje Nepal saa altfor langt vekke. Du fekk vondt i nakken av aa sjaa paa dei. Men eg har faatt mange fine bilder! Den forste natta overnatta me paa eit gjestehus, Tea Horse, stjernehimmelen eg oplevde der er noko av det mest fantastiske eg nokon gong har sett. No er det nokre aar sidan eg har sett stjernehimmelen heima, men eg er ganske sikker paa at den var betre enn den heima. I og med at eg faktisk var naermare himmelen enn paa Sandvoll!
Om Onsdagen gjekk me i fira timar, Hannah gjekk endo lengre. Men ettersom at foten min ikkje er 100% endo, saa fant eg ut at 4-5 timar gange kvar dag var nok. Vil ikkje dra det for langt. Me lurte paa om me skulle vere ein ekstra dag paa Sean's gjestehus, men sidan alle dei som me hadde gaatt Tiger Leaping Gorge med for ned til LiJiang igjen bestemte me oss for aa avslutte turen. Me hadde jo hatt ein to dagars fantastisk tur. Me bestemte oss for aa reise ein tur opp til den nordlige delen av Yunnan. Denne delen av Yunnan er rekna som ytre Tibet. Tibet bestaar av Inner and Outer Tibet. Inner Tibet er Tibet som det er i dag, medan Outer Tibet er Tibet som det var for ein av keisarane under det siste dynastiet i Kina gav deler av Tibet til Yunnan, Sichuan og Qinghai som er naboprovinsane til Tibet.
Zhonglian var med det fyrste ein skummel plass for meg, for eg og Hannah hadde eigentleg ikkje peiling paa kva kva me gjekk til. Det som var det storst sjokket var kulden. Det var steinkaldt der oppe, og me kom i shorts og t-skjorte. Og hadde ikkje med oss noko enn det me stod og gjekk i. Me var blitt fortalt av eit par me traff i TLG at viss me reiste opp der saa maatte me by i den game delen av byen. Foroverig skulle det vise seg aa ta tid aa finne den gamle delen av byen fordi alle som me snakka med sa at me var i den gamle delen av byen. Noko som me visste at me ikkje var, fordi det er enkelt aa sjaa forskjell paa nye bydelar og gamle bydelar i Kina. Hannah tok mandarin medan me var i HK, men ho har laret Bejingmandarin og har hatt problemer med aa skjonne kva dei seier, ettersom mange har svaert sterk dialekt her. Men me har greidd oss bra, eg trur at paa dette tidspunkt saa er det bra aa ha litt forstaaelse for spraaket, men eg trur at om nokre aar saa vil fleire og fleire kunne snakka engelsk her, og det vert enda enklare aa reise rundt her.
Me fant tilfeldigvis ein plass der det var internett, og medan me provde aa finne informasjon om plassen me var komt til gjennom Lonely planet og ynse andre reiseguidar saa var me saa heldig aa treffe paa ein gut som snakka engelsk. Det var ein litt artig situasjon fordi han satt og leste e-posten til Hannah over skuldera hennar, han kom over eit ord som han ikkje forstod og spurde ho om betydinga. Heime ville dette blitt sett paa som svart uhoffeleg men no var me saa glad at me hadde funne nokon som me kunne kommunisera med. Han visste tilogmed plassen me var paa jakt etter. Me var redda!
Men kom oss til plassen me budde paa. Og fant vegen opp til eit kloster som er sagt at viss du ikkje har tid til aa besoka Tibet saa bor du faa med deg dette. Og det var absolutt verdt det. Det er buddist munkar i frra Yellow hat sekta som held tilo det, dei same som er i Tibet. Klostert var svart likt paa Potala klosteret som er i Tibet og er det storste klosteret til sekta. Me fekk no ein liten smakebit av Tibet. Folka, husa og landskapet er svarte annaleis der oppe. Og me hadde begge folelsen av at me var komt til eit nytt land. Sidan det er saa kaldt der oppe er det ikkje saa veleigna for aa dyrka ris, men heller poteter. Eigentleg saa minna det litt om heime der. For fyrste gong saa har eg sett bjork her i Asia, som eg ikkje er saa sikker veks saa mykje rundt om her. Saa fekk ein saterk folelse om at eg var heima. Dei har og sitt eige spraak der, Tibetansk, saa eg trur deu identifiserar seg meir med Tibet enn Kina.
Eg vil gjerne reise tilbake dertil og ha meir tid og meir varme klede!
Tilbake i LiJiang saa for Sunneva og Ben tilbake til Hong Kong, det er to stk som eg har gaatt paa skule med og som eg har reist med no, lurer paa kva tid eg kjem til aa sjaa dei igjen...
Naar ein er ute og reiser saa treff ein mange interessante personar, for min del saa har eg truffe min framtidige ektemann i LiJiang, eg fridde til han og har faatt ja og saa faar me sjaa kva tid bryllaupet staar!
No har eg smaakrampe i armen etter all skrivinga, og skal ut og faa litt Shanghai my heart folelse. I morgon kveld skal eg reise opp til Beijing og treffe Meredith(US) og mor hennar. Siste veka blir det no i Kina, men ikkje siste gong...!

Comments

Anonymous said…
sitat: "Naar ein er ute og reiser saa treff ein mange interessante personar, for min del saa har eg truffe min framtidige ektemann i LiJiang, eg fridde til han og har faatt ja og saa faar me sjaa kva tid bryllaupet staar!"

Du er ikkje ved dine fulle fem?! kom heim ise... No må Broremann Alf ta den praten me alle har venta på... :-)
Anonymous said…
husk å ta med 5 - 6 meter silke til brudekjole

Popular Posts