Familien galskap på boks

Etter å ha flytta heim så har eg berre tenkt at kvar dag kjem til å vera lik den neste, ein står opp går på arbeid, gjer noko sakleg eller kanskje aller helst noko heilt usakleg. Det siste trur eg at mamma held på med i augenblikket, hoga ved i stova. Noko som er ein aldeles normal aktivitet å ta seg til ein sein ettermiddag i Lio. Men å flytta heim innebar jo og at eg kom inni ein sånn halv vegs småbarnsamilie. Eg veit ikkje om dette er positivt eller negativt, det fungerar i alle fall strålande som prevansjonsmiddel. Middagen er jo det måltidet på dagen der ein familie delar nyhende som har skjedd i løpet av dagen og der ein kan få utløp for både sorger og gleder. I dag satt eg og mamma heilt perplekse og høyrde på søster mi som fortalte OG illustrerte avføringa til nevøen min. I ertersuppa fant ho ein passande potetbit som hadde omtrent same størrelse som det nevøen min hadde fått ut av seg tidlegare på dagen. Kor absurd er ikkje det då? Søster mi var litt bekymra for den kvart store HARDE bæsjen som hadde komt ut av Storm. Alt dette i løpet av eit måltid. Er det slik ein småbarnfamilie sin kvardag fortonar seg?

Comments

Anonymous said…
Inquisitive?
I'll imagine, since most of it is in norwegian, NUMBNUTS!
Anonymous said…
Og Ise, JA til alt! hehehe

Popular Posts