Analogt modem og irritasjon

Det er mykje ein kan irritera seg over her i livet. Nett no er det internett forbindelsen til huset. 56Kb analogt modem kan vell ikkje akkurat kategoriserast som ”eit olja lyn” Difor tek det sånn cirka 2 min før eg kan laste inn alt i eit vindauga før eg kan lese det. Er det då ein får lyst til å kaste både telefon, kabel og datamaskin ut vindauga? Tålmodet har nådd ein ende…
Den siste tida har eg tenkt litt på kor mykje tid eg eigentleg brukar på å irritera meg over ymse ting. Som oftast er det anliggande eg ikkje kan gjere noko med, men allikevel så irriterar eg meg grønn. Kva skal ein gjere då då? Skal ein byrje med teljeteknikken? 1,2,3,4… så vert alt betre? Pust djupt inn og ut? Metodar som fungerer i ein mnd og så må ein berre koma opp med noko nytt. Det er mogleg at det er tålmodet mitt eg må jobba med. Eg er i irritert modus i dag. Eg merkar det på sinnet. For dette halvåret skulle eg gjere så mykje, det einaste eg har fått gjort til no er å jobba. Og det gjer meg pengar og litt livserfaring. Men i utgongspunktet hadde eg ei liste med bøker eg skulle lese, fjelltoppar eg skulle bestiga, meir kvalitetstid med venenr og familie. Lider eg av syndromet ”tidsklemma”? Er det mogleg når ein berre er 19 år? Eg undrar, eg undrar. Eg trur eg lide av ein kombinasjon av alt mogleg. Ikkje ein definerbar sjukdom, ”Iselin syndrom”? Fokuser på noko positivt og det kjem heilt sikkert noko godt ut av det! Mitt nye motto?

Comments

Popular Posts