Eit anna fokus?

Eg kjenner frustrasjonen veks inni meg når eg ser nyhende på TV. Dømesvis nyhendene på TV2 seinast i går kveld. Der dei intervjuar statsministerkona og statsministeren angåande uttalelsar om Arne Jacobsen møblar i dei norske heimar. Javell? Det dei fokuserar på då er om statsministeren og kona er ein del av den norske overklassen. Eg skjønar meg ikkje på fokuset, er det det at det ikkje finst klasseskilnad i Noreg som er poenget eller er det at statsministeren kjem i frå arbeiderpartiet og skal tilhøyra arbeiderklassen og då slett ikkje ha moglegheit til å ver i eit miljø der folk kan ha Arne Jacobsen møblar. Alt i alt, skjønar eg ikkje kvifor dette vert ei sak som når pressa. Er det verkeleg så viktig å rapportera om slike ”nyhende”? Vil det påverka kvardagen til Kari og Ola?
Kva møblar folk har i heimen sin får ver opp til den enkelte, og kor mykje pengar dei brukar på det er meg likegyldig. Det som uroar meg er at slike ”nyhende” som dette er ikkje sensasjonelt. Det er ikkje mange dagar sidan eg såg ei annonse for VG helg der ein kunne lese om milliardærarvingane i Noreg, kven dei er med, kva utdanning desse personane har osv.
Er det slik å forstå at det så lite av som skjer av relevanse av nyhende ute i den store verda at ein heller blåser opp slike saker som dette? Ein treng faktisk ikkje reisa ut i den store verda ein gong for å finne nyhender som kan påverka kvardagen til nordmenn flest. Berre det at Statoil/Hydro skal hjelpa russerane med oljeutvinning i Barentshavet burde vore ei større sak. For dette er noko som kjem til å påverka kvardagen vår, òg generasjonar framover. For veit dei eigentleg kva dei held på med når dei går inn i slike sårbare naturområder? Frå før av veit me at klimaet er i endring, og ein kan lura på om dette vil bidra stort til noko positiv endring av det. For meg verkar det som at det er viktigare at ein drar inn nokre fleire oljemilliardar enn at ein tenkjer på ei langsiktig utvikling. Ei utvikling som går vekk i frå bruk av ikkje- fornybare ressursar men heller satsar på fornybare ressursar. Tankegongen er vanskeleg å forstå. Kanskje slike nyheter ikkje vil fram på TV-skjermen, dei er for tynge å fordøya såleis sit me at med at Ingrid Schulerud har uttala seg om noko ho ikkje skulle ha gjort.

Comments

David said…
Norsk er so kjedellig... :-P
Anonymous said…
Hmmmmm

Popular Posts