Norsk skulepolitikk og min eigen politikk

Etter å ha hatt ein heftig diskusjon med min felles norske medelev, kom me i går fram til at me bør senda eit brev til utdanningsministeren og gje ho nokre tips om endringar i den Norske skule. Etter å ha gått eit år på ein IB skule får ein eit litt anna perspektiv på skule og utdannelse. Det er viktig, det er framtida. Og slik som eg ser det, så vil eg ikkje sei at framtida ser så lys ut for Kari og Ola. Eg skal ikkje dra alle under ein kam, eg veit det er mange der heime som faktisk jobbar med skule og lekser. Men det er berre nokre få endringar som skal til, for å få eit betre resultat. I stadan for å innføra nye reformar heile vegen, kvifor ikkje la det ver som det er og heller ha endringar innan fag. Eg meinar at naturfag skulle vore delt opp i kjemi, fysikk, og biologi allereie i 8. klasse. Etter mi meining er det for seint å byrje med det når ein er 17 år, det er viktige fag, og ja eg veit at ikkje alle har anlegg for realfag, men det fungerer no i andre land så kvifor skulle det ikkje vore slik i Noreg. Matte skulle vore obligatorisk alle tre åra på vidaregåande og eit tredje språk skulle vore introdusert allereie på barneskulen. Eg er kanskje litt drastisk no, men eg trur det kunne fungert. Etter å ha prøvd å foklara folk her på skulen korleis norsk skulesystem fungerar, så går det opp for meg at det ikkje er noko godt i det heile. Viss du ikkje kjeme opp i eksamen i faget, (noko som skulle vore obligatorisk spør du meg) så kjem karakteren din ofta an på forholdet du har med læraren din i det faget, og trynefaktor er vell ikkje det ein skulle ha basert karakterar på? Ein skulle visst blitt politikar, men så er det jo det at ein skal ha kapasitet til alt dette. Men Noreg er jo eit fattig land, med lite ressursar.

I går var eg i Mong Kok og kjøpte meg kamera, Canon S70, eg kjenner det svir i lommeboka, men heldigvis brukag er ein ikkje slike pengesummar kvar dag! I morgon er det nasjonaldagen her, så då skal eg ta mange bilder, skulle hatt kameraet her når det var Moon Festival, men eg kjeme kanskje tilbake til HK på eit seinare tidspunkt. Eg er faktisk glad i HK no, det kunne eg ikkje sei med hånda på hjerta i fjor, men så forandre jo ting seg, og bra er det. No om dagen ampar eg litt på kva eg skal ta til med neste år. Det er skumelt å tenkje på at eg ferdig med all grunnutdannelse, og eg må bestemme sjølv kva veg eg vil ta. Eg har på ein måte lyst å byrje på skule igjen, men på same tid er eg eigentleg ganske så lei. Eg kunne tenkte meg å vore heima kanskje i eit halvt år,jobba. Så reist eit halvt år. Eg kunne f.eks tenkte meg å reist te Mexico for å ta exphil, men så veit eg ikkje om eg ska gå på universitetet. Og å reisa til Mexico er mest fordi eg har lyst å lera meg språket. Kvifor skal det ver så vanskeleg, og så mykje å velga mellom? Eg vert frustrert. Det er jo kanskje lurt å byrja med ein gong, men så er jo utdannelse noko ein skal ha for resten av livet, så å forhasta seg er vell kanskje ikkje det luraste. Og når eg kjem til å tenkje på det, så er det jo flott heima, men vil eg eigentleg bu heima eit heilt år? I lag med mine sysken som på sine eldre dagar har funne ut at det er ganske greit å bu heime med mor. Iallefall rimelig! Det er godt eg har nokre mnd. framleis å bestemme meg for kva eg vil. Eg trur eg har planar klar fram til August neste år for livet mitt, etter det er det heilt blankt. Høyres skummelt ut.

Comments

Popular Posts