Øyreverk og Hongkongera

Eg klagar meg framleis og ja eg vert stadig ikkje frisk. Men kva skal ein stakkar gjera når ein får beskjd av doktoren at ein har influensa, men eigentleg så har ein ganske så akutt halsbetennelse og det ligg godt an til å utvikla seg ein aldri så liten øyreverk her. Så eg var til denne doktoren som ga meg 5 ulike pillera(!), og alle var ulike former for smertestillandes. Nok medisin til at eg kan vera "høg" ei veka. Noko som irriterar meg er at dei (helsepersonell) trur at paracett er løysninga til ALT, uansett kva som feilar deg paracett er definitvt løysninga på dine problem. Men hadde det berre vore så enkelt. Eg har konkludert med ein ting og det er at det ikkje er rart i det heile at folk døyr som flåger kvar gong det er ein epidim her, ettersom du faktisk kan få dei har medisin for alt her, til og med rennande nasa. I motsetnad til Noreg der det faktisk er normalt å ha snørrete nasa nokre veker i året. Iallefall viss du kjem frå Vestlandet og verforholda er så ustabile som det går ant å få det. Nei, immunforsvar kan ikkje desse Hongkongarane ha mykje av!
Og i dag er det Laurdag, og eg har vore på skulen heile dagen. Fyrste gong i heile mitt liv at eg har hatt skuletimar på ein laurdag. Du får ikkje heilt helgefølelsen av det. Men det er sjølvsagt ikkje utan grunn til at eg på skulen ein Laurdag. Førstkomande Tysdag er det Midautumn Festival her i Hong Kong og Kina. Det er i følge Lunar kalenderen (den kinesiske) Eg hugsar ikkje heilt historien bak den, men det er eit segn eller noko slikt. Eg skal prøve å finna ut av akkurat det der. Men me har iallefall maaaange lanterner av papir også ete me Mooncakes.Tradisjonell mat for akkurat den dagen. På Fredag er det Nasjonaldag her, så på Torsdag er det eigentleg normal dag men slik at me skulle få litt lengre "ferie" så vart det skule i dag og fri på Torsdag. Eg lurte på å ta ein tur til Macao, men har sjølvsagt ti tonn med lekser, men slik er livet! Eg får ta meg ein tur i haustferien, Taiwan next?

Comments

Popular Posts