Alt saman i eit kast...

Så sitt eg her med naso i boka og lure på kva funksjon ein Shogun har og korleis ein daimyo fungere i forhold til ein Shogun. Og er eit Shogunat eit område under ein Shogun? Det er vanskelig å hengja med. Japansk historie er innvikla, altfor mange navn og altfor mykje årstall, tids epokar OSV. Men det er interessant det er ikkje det. Men når ein bruker omtrent ein halv time på å lese ei side så vert ein kjapt ganske lei. Og når ein har 70 sider å lesa, ser du lyset i enden av tunnelen?
Som om ikkje historien held på å ta livet mitt, så skal eg og Katharina ha presentasjon i TOK (Theory of Knowledge) neste veka. Me skal ha om aktiv dødshjelp, og fant ut i går kveld sånn cirka klokka ni (etter å ha jobba sidan kl. ti om morgonen) at me skal lage eit ti min. skodespel. Det er kjekt, men tidskrevande, og det er så mange punkt ein må oppfylla. TOK er vell ei mini utgåve av Ex.phil. Handlar mykje om filosofi, korleis me oppfattar ting, etikk, ulike områder av kunnskap (areas of knowledge) er intressant men me har ikkje tid til å gå sikkeleg inn i det, for me har for lite tid. Så det gjer at det på ein måte blir ein anelse kjedelig, men kjem ofte an på kva lærar ein har. Eg har lurt litt på å ta exphil men er litt usikker, det er sikkert alltid greit å ha. Men viss ikkje eg veit at eg ska gå på universitet, kva er då poenget?
No har eg omtrent ikkje sendt e-post til nokon i to veker, kanskje på tide å informera om at eg er i livet. Folk er ikkje så flink å skrive til meg lengre. Viss ein samanliknar septmber 2003 med septmeber 2004 så hadde eg 11 mailar i 2004 medan i 2003 hadde eg 60. Då er det i frå familie og venner eg reknar ut i frå. Er dei mindre bekymra for meg, eller har dei gløymt meg?

For ei stund tilbake sidan, fant eg endeleg ut kva tid eg er ferdig med IB'en min. 12 Mai 2005. Det vert ein lykkens dag. Ein dag som kanskje bør bli ein raud dag i kalenderen? Sjølv om eg eigentleg ikkje har lyst å bli ferdig, for det betyr at eg er ferdig med åra mine i HK. Som igjen betyr at eg må reise i frå ”familien” min som eg har her. Vil helst ikkje tenkje på det. Eg som trudde eg aldri skulle greie å tenkje tanken på å ein gong like byen, eg er faktisk vorten glad i plassen. Sjølv om dei ikkje har årstider og det er forurensa og eg har ein mistanke om at HK er mindre enn Hordaland fylke og likevel bur det 7 millionar mennesker her. Det er på ein måte ein litt hat/elsk plass.

Endeleg fekk eg ordna meg ein billett til HK etter juleferien. Har eigentleg ikkje lyst å reise heim i jula. For det første er det ei laaaang reise heim. Eg har berre tre te fire veker heime. Og det hadde vore deilig å berre havarert på ei strand i Thailand. Billig er det og. Men så er det godt å få kome heim å sove i si eigen seng, ete norsk GOD mat. Få god mat hjå snille tanter og onklar. Også er jo jul familietid, det vert nok kjekt. Og ei strand i Thailand får eg sikkert moglegheiten til å besøke seinare. Og reisinga eg hadde tenkt å gjera i jula, får bli til sommaren når eg er ferdig med skule og er fri frå alt! Har allereie byrja å planlegga den, men er kanskje avhengig av at nokon vert med meg. Kina skal utforskast. Bejing er eit minimum, forhåpentlegvis får eg med meg Shanghai, Tianjin, Xian, Guilin og Lijiang (Dali). Eg har så mangen plasser eg vil til. Men så har eg jo omtrent nettopp starta livet mitt og har mange år igjen enda, så kanskje eg skal prøve å spre det litt utover...




Comments

Popular Posts