Fortida i framtida

Nostalgisk, det var ordet eg var på jakt etter. Og eg fant det! Det er irriterande når ein har dei akkurat på tungespissen, men dei ikkje vil ut. Då går meg og spør norske medstudentar om dei hugsar, og heldigvis, det gjer dei!
No bør eg skriva E.E viss eg skal få reisa til Thailand på Søndag, eg reise uansett, men eg bør verta ferdig. Eg har 900 ord til no, og skal ha 4000. Er det realistisk å sei at eg greier å skrive 4000 ord til Søndag, ein kan jo drøyma...
Thailand er mitt vesle lyspunkt om dagen, LPC er altfor krevande om dagen, altfor mykje å gjer. Pluss at eg til stadigheit går rundt og tenkjer på kva eg skal ta meg til neste år. Eg vil heim, men på den andre sida, så er heime der heile tida. Og har lyst å sjå meir av verda. Eg har tusen planar, og eg skiftar meining oftare enn kva som er sundt, men er det ikkje slik det skal ver når ein er ung? Eg har svært lyst å reisa til sør-Amerika, men eg kunne også tenkt meg eit år i Tyskland/Austeriket for å få utbytte av tysken som eg hadde i fire år, så det ikkje er heilt bortkasta. Eg får tenkjer litt meir på det og heller gjere E.E'en min no og fokusere på den og heller ta dei andre tinga seinare. Eg får ta ein tur til Sun Gong Seng og sjekke minusbanken og! Oppløftandes...

Comments

Anonymous said…
Rart da der, trur mange blir rastlause sånn i oktober/november. Sku vel egentlig ha fokusert på nuet, men er so mange spannande ting å ta seg til neste år. Me har så mange muligheter, Iselin. Trur eg skal la militeret ta meg neste år, slik at eg får litt tid å tenka på. Greit med eit år der man blir fortalt kva farge ein skal ha på sokkane, og det gjeld bare å gjera so sjefen seie ;-). So prøv å fokusera på livet her og no, og den herrsens oppgåvo di ;-)
Menne, me får ta oss ein lange prat om framtida te jul, e jo ikkje lenge til no....
Jarle
Anonymous said…
Ha da kjekt i Thailand, forresten! Take care...
Jarle

Popular Posts