Kvite prikkar og raude prikkar, kvar kjem dei i frå?

Eg kan vell trygt slå fast at eg har hatt den mest traumatiske opplevlsen i min i mitt liv denne veka. Etter eg var sjuk sist gong, vart eg ikkje skikkeleg frisk, og på sist Søndag låg eg "daud" i senga heile dagen. Mandagen vart ikkje noko betre, så om kvelden vart det legevisitt. Ho lyste med lommelykta inn i halsen og kunne konkludere med at eg framleis hadde kvite prikkar på klumpane som heng på sida av drøvelen bak i halsen (hugsar ikkje navnet på norsk her no, og skal ikkje prøve meg på den engelske stavinga, men eg veit korleis du uttalar det!) Iallefall, fekk eg ikkje antibiotika i løpet av kvelden meinte ho, så kom det til å verta verre neste dag og eg kom til å enda opp på sjukehus og det vart snakk om intravenøst, i det augenblikket kom det eit snev av panikk over meg. Så eg fekk antibiotikane i løpet av kvelden og skulle ta den dei neste sju dagane fire gonger dagleg. Tirsdagen kom og eg følte meg ja om ikkje frisk, men litt betre. Så kom Onsdagen, eg luffa i dusjen i ti tida på føremiddag og skal til å såpe meg sjølv inn med såpe. Eg kvekker til, kvekker av synet av meg sjølv. Eg har raude prikkar over store delar av den øvre kroppen, "kva svarte er dette?" Eg hiv meg rundt så fort det går ant når ein er sjuk og får snakka med sjukesystera. Ho får meg til å ta kontakt med skuledoktoren og den ettermiddagen treffer eg ho igjen. Ho trur eg er allergisk mot antibiotikaen sidan det er det som er det mest openlyse. Og eg seier meg skjønnt eining og ho skriv ut ein ny antibiotka til meg. Me kjem attende til skulen rundt fire og eg føler meg slakkara og slakkara. Mine to venniner Meredith og Katahrina byrjar å bli litt bekymra når eg byrjar å få feber igjen. Og ein lærar vert tilkalla. Lærarane ved skulen må ha vakttelefonen kvar sin dag her, iallfall den same læraren som hadde vakt telefonen skulle arrangere blokk aktivitet ( Alle som bur i blokka mi, deltar på ein ting som ei gruppe i blokka har stelt i stand. Denne dagen skulle dei til Yau Ma Tei og Night Temple Street) denne dagen og ho trudde me ringte vakttelefonen for å sei til ho at me ikkje kunne vera med til Yau Ma Tei. Så kjapp var ho... Me fekk no endeleg forklart ho kvifor me ringte, og utover kvelden etter eg hadde sove litt så blei tutoren min einig ilag med Head of Residence at dei måtte sende meg til sjukhuset. Fordi utsletten min var blitt verre og dei var redd eg skulle få problem med luftkanalane. Igjen vart det to venniner som vart med meg Meredith og Tamar, denne gongen til sjukehuset. Kvar vart det av vaksne ansvarlege lærara? Dei forsvann visst ein plass dei... Me kom til sjukehuset cirka klokka tolv og satt der og venta, eg vart katogorisert som "Semi-Urgent" så eg kunne vente meg ei ventetid på fire timar. Men heldigvis, det var ikkje så mykje folk der så eg venta kanskje tre kvarter. Legen eg kom inntil slo fast at eg hadde ein allergisk reaksjon og ga meg ein ny form for antibiotika. Den tredje antibiotkaen. Han stilte nokre få spm. og etter ti minuttar sendte han meg ut igjen. Han var faktisk så omtenksom at ha han ga meg eit sprøyte som skulle lindre utslette, anti-histone? Gjer at det ikkje klør så mykje. For å sei det sånn, så kunne eg omtrent ha gått til mannen i gata han kunne ha fortalt meg like mykje om kva som var gale med meg som doktoren kunne på sjukehuset. Medan eg var der, utvikla eg feber, og fekk ukontrolerte skjelvingar noko legen heller ikkje lot seg affisere ved- det er jo kaldt i utgongspunktet her sidan me har air-con. på heile tida...
Tilbake til skulen i 3.30 tida om morgonen, Meredith og Tamar matar meg og legg me i senga. Her blir det meste svart for meg, fekk feber over 39 C. Og tilstanden er der etter, igjen kvar er dei ansvarsfulle lærarane når ein treng dei?!
Neste dag bar det attende til sjukehuset, denne gongen i fylgje med sjukesystera frå skulen og Meredith ( Kva skulle ein gjort utan gode venner?!) Denne gongen var (takk Gud!) ein annan lege som tok i mot meg. Me kom der rundt 13.15 og klokka 16.45 fekk eg kom til hjå ein lege. Eg var "Semi-Urgent" denne gongen også...
Møte med denne legen hjalp litt på rette på mitt traumatiske inntrykk av sjukehuset, han tok omtrent ti blodprøvar på meg, sjekka omtrent kvar tomme av heile meg og ga meg kortizon og anti-histone for utslettet. Han ville at eg skulle slutte å ta antibiotika også, noko av det smartaste som er blitt gjort, ettersom det seinare kom fram at det er ein virusinfeksjon eg har og ikkje bakterieinfesjon...
Eg vart liggande til observasjon den natta på Prince of Wales hospitale (der det første SARS tilfellet vart oppdaga, jaudå!) Sjukehus er forsåvidt greie dei, men sjukehusa her i Hk skal eg halda meg langt vekke frå. Ein skal jo vera varsam med å dra alle under ein kam. Men det som skjer her er at ein har alle dei offentege og dei private. Og prisskilnaden er på høgde med ei fjell, og ja det er rike folk her i HK men ikkje alle. Derfor er det ikkje noko mellom ting. Eg har aldri sakna så mykje heim som eg gjorde på Torsdag, eg kunne ha betalt mykje for å vera i Noreg akkurat då. Det ser ut som eg er betringens veg no, men skal ikkje slå fast noko her enda. Men ein lærer jo av dette også, ikkje bli sjuk i HK og drikk tranen din kvar dag! Dagens moral.

Comments

Popular Posts