Verda er for liten

Etter å ha hatt fem dagar fri frå skulen utan å ha gjort noko konstruktivt, er det hardt å sitje ein søndags kveld og prøve å ta igjen det ein eigntleg skulle ha spreidd utover dei fem dagane ein hadde fri. Eg er irritert på meg sjølv fordi det virkar som eg aldri lærer av feila mine, men no har både eg og mine venner bestemt at eg må ta meg sjølv i nakkaskinnet. Og det skal skje nu!
I går hadde eg meg ein tur ut på HK natteliv, og kven er det ein treffer då, jo to norske utvekslings studentar. Eg trudde (hadde faktisk veddmål om det) at han eine av dei var svensk. Eg vart ganske så overraska over at dei var norske, sidan me er ikkje akkurat det landet i verda som har høgast folketal. Men så er det ikkje så vanskeleg å leggja merke til andre Skandinaviara når ein er i andre land. Det var hyggeli folk, og sidane universitet dei går på er ganske nærme skulen her. Men kvelden var kjekk, me var på ein latinamerikansk bar/pub. Det vart mykje dansing, eller eg såg no helst på sidan eg ikkje er det mest bøyeleg og tøyeleg mennesket her i verda. Men sidan min kjære Danske venn var der og, så kunne eg svinge meg litt eg og, han er av same type som meg...
Men ettersom lekser har blitt utsatt og utsatt og dei forsvinn ikkje, om eg berre tenkjer på dei. AIYA!

Comments

Popular Posts