Tomhet

Tom. Innvendig. Treng eg å sei noko meir?
Motivasjonen rant ut i det eg skulle setje meg ned å ta fatt på ei av dei uendelege mange oppgåvene eg må levera inn. Skulelei? Lei av alt for augenblikket trur eg. Eigentleg har eg ikkje så mykje å skrive her heller. Gjekk og la meg klokka 3 i natt, jobba på ei oppgåve. Hadde eg gjort det heime, hadde folk sett rart på meg. Her er det heller slik at legg du deg klokka 10 så er du rar. Korleis kan ein få gjort ferdig dei uhorvlege mengdene med lekser viss ein legg seg klokka 10? Godt spørsmål. Eg vert ikkje ferdig, men eg fekk iallefall litt søvn slik at eg greier å halda augene mine opne i timane. Eg hadde mykje energi for nokre timar sidan, men nei no er det ingenting som vil bli gjort. Svolten er eg og. Mykje klaging for ingenting ute og går her no?
Eg fekk kort av Nils (suuuuper andreåring), han konkluderte med at etter han hadde lese nokre av e-postane han sendte til venner og familie heima i fjor så var innstillinga eller tonen i e-postane så mykje meir negativ enn kva det eigentleg var. Eller korleis han ser tilbake på tida og korleis han hadde det. Kanskje eg og er litt slik, eg trur nok eg er det. Men ein har vell ein tendens til å skrive heim når ein ikkje har det SÅ bra, eller det er der det er lettast å snu seg til når ein føler ein har noko å klage over.
Men i dag er det berre tomhet, likegyldighet. Heilt rart.
Mat. Eg treng mat.

Comments

Popular Posts