Eit nytt år og nye moglegheitar

Denne jula har bydd på mangt og mykje. Ei jul for refleksjon? Eg takkar dei øvre makter for at eg bestemte meg for å reisa heim til Noreg i stadan for å reisa på backpacking i Sør-Øst Asia. Eg har sett gjentatte gonger på nyhende, og akkurat no har eg fått nok. Ikkje det at ein skal stengje ute det som skjer, for det er realiteten. Og det er svært enkelt for meg som berre kan slå av TVen så har eg ikkje alle synsinntrykka og katastrofen rett i fanget. Ein må bry seg, men det er og vanskeleg å forhalda seg til slike katastrofar når dei er så langt vekke.
Eg tenkjer på dei som har familie og venner som er bortkomne, korleis skal ein henvende seg til dei? Sorgen dei må føle er jo ubeskrivleg. For ein veit jo ikkje om personen er død eller om han/ho er sakna. Det er alltid vanskleg å snakka om døden, me skyr den helst. Iallefall når den er så ubegripleg og uverkleg. Sjølv kan eg vell ver glad for at det var Fullmoon Party på Koh Phangan på same tida, så mesteparten av vennene mine befant seg heldigvis ikkje i det området. Men så har eg jo og ein kompis som er i Phuket, lurer på korleis han har opplevd det heile. I livet er han og heldigvis...
Det er rart å tenkje på at det berre er to mnd. sidan eg var i nokre av områda som vart ramma. Eg tenkjer på folka som dreiv resturantane der, plassen me budde på. Det meste er nok vekke no. Ein sitt igjen med ein vond følelse og tusen spørsmål. Viss, kva, om. Hadde det kunne gått ant å "sjå" at noko slikt skulle skje? Det går ikkje ant å kontrollera naturen, når slike ting skjer viser det berre kor svake og sårbare me mennesker er i forhold til dei enorme kreftene rundt oss.
No er det berre tre dagar til eg skal ned til HK igjen, og eg veit ikkje heilt korleis det blir. Eg får kanskje alt litt nærmare? Eg føler sjølv at det ikkje har gått opp for meg at det som har skjedd er berre ein film. Omfanget er jo ubegripleg.
Tida heime har føke som ein vind, eg har fått gjort ein del, men ikkje alt eg skulle. Lekser er f.eks ein ting som har blitt nedpriotert. Er det ikkje alltid slik?! No er det 5 mnd igjen. Så er eg ferdig med Hong Kong, LPC og IB. Eit kapittel av mitt liv avslutta. Og det føles verkeleg som eit kapittel av mitt liv. Har ikkje følt det på denne måten før. Men det har vell noko med at eg flytta til ein ny stad og no når eg er ferdig så flyttar eg til ein ny plass, med nye menneske, skule OSV.
Også avsluttar eg ein del av livet mitt som barn/ung. No er det alt ansvar sjølv. Vaksen. Veit ikkje om eg likar heilt det ordet. Eg trur eg lar tilfeldigheitane råda litt den neste tida. Veit jo ikkje kva eg vil!

Comments

Popular Posts