fly, air france og ein fransk mann

Så er eg tilbake i Hong Kong. Eg er så stressa så det går ant å få det, det byrjar omtrent å bli ein del av meg. Kjem sikkert til å få hjerteinfarkt i ein alder av 35. Er det mogleg?
Reisa ned var ikkje berre ukomplisert, det heile byrja på Gardermoen. Eg har snart reist att og fram frå Norge til HK i to år no, og har aldri betalt overvekt, iallefall ikkje når eg har reist i frå Norge. For det først kom det ei dame til meg akkurat i det eg skal sjekke inn og feteljer meg, at på Air France fly, der får ein berre ha med seg ein stk. handbaggasje. Vell der står eg med sekken min og laptopen på skuldera... Så eg seier at eg har alltid reiste med begge deler og det har aldri vore noko problem. OK, men eg må iallefall vega sekken min. 10 kg. akkurat. Men så er det sjølve sekken som eg skal sende med flyet. 24.3 kg. Sorry frøken du har fira kg for mykje. HALLO!?!? Dei pleie jo ALLTID å gje deg 5 kg ekstra. så 25 kg går som oftast greit. Ikkje i dag. Og det kostar 300 NOK for kvar ekstra kilo du har med deg. Ned med Air France seier eg då! I haust når eg reiste med BA hadde eg 37 kg. dei sa ingenting, INGENTING! Topplokket kokte då kan du sei. Til slutt enda eg opp med å betala berre 700 NOK, men det er no nok det også. Etter å ha roa ned sinnet med ein lengre samtale med mamma og bannlyst sure damer i skranken, kom eg meg på flyet. Kvifor har eg alltid dårlege erfaringar med flyplass damer? Ettersom eg ikkje har vore i Paris før, syns eg den flyplassen var ganske uoversiktleg. Men det var nokre reddande norske sjeler der som viste meg vei og som eg holdt selskap med i dei timane eg måtte venta der. Vell på flyet til Hong Kong, gjekk det ok i byrjinga. Men så var det då ein mann som satt på sida av meg, og beinflørta plutseleg med meg heilt utan grunn. Han lata som han sov, men du kan ikkje akkurat sove når du driv og flyttar på foten din heile tida. Pluss at han strauk meg på armen. Antasting kalle ein sånt. Iallefall eg vart forbanna og smelte hælen min i foten hans. Franskemenn har eg no ingenting til overs for! Eg vert irritert også, at nokon kan tru det er greit å gjer sånt? Fekk ikkje akkurat sove så mykje på den turen. Og dum som eg var sa eg ikkje noko til mannskapet heller, men dei snakka ikkje så bra engelsk heller. Dei hadde kanskje misforstått situasjonen? Er det noko så kan vera meir provoserande enn gamle perverse grisar? Tek eg litt hardt i no? Jaja, drit og dra.

Comments

Popular Posts