Farvel Hilbert

Det er mykje og mangt ein skal oppleva her i livet, nokon erfaringar kunne ein kanskje vore foruten, men så er det jo det at ein veks med dei. Etter å konsultert meg med ein del mennesker om svulsten Hilbert, så etter ein vellykka operasjon er eg endeleg kvitt han. Eg veit ikkje for kor lenge, men vonlegvis for alltid. No er han og vert sjekka for kva han inneheld, og eg håpar og trur han er av den snille typen. Men så var det der med prosent då. 99% sikkert at den er godarta, det fekk eg beskjed om heime, men så får eg ein anna beskjed her. Eg veit ikkje heilt kva eg skal forhode meg til. Men eg kjem aldri til å stole på prosentar lengre, eg kjem ikkje til å slå meg til ro før eg veit 110% sikkert.

No sitt eg igjen med eit 10 cm langt sår, som etter kvart kjem til å verta eit arr. Og det gjere s¨å vondt at til tider så svartne det føre augene mine av smerter. Eg veit ikkje kva som er verst, før eller etter operasjonen. Eg må byrja å trena meg opp igjen, men når smertene er så store så er det så vanskelig å koma seg opp og byrja å gå. Men eg skal til fjells igjen, eg skal opp på hesteryggen igjen, eg skal igjen kjenne følelsen av puddersnø under skia mine. Eg får hyle og skrike litt, ite i det sure eplet. Dette skal eg greie!

Det ironiske oppi alt dette er at eg har vore bekymra heile tida, og eigentleg vore litt lei meg. Men det var ikkje pga operasjonen, men den norske ambassaden i Beijing. Uheldigvis så vart dei innblanda i dette her fordi dei skulle gå god for at rekninga frå sjukehuset vert betalt. I alle fall, Fredagen før eg vart lagt inn, ringer det meg ein person og seier at ambassaden i Beijing vil ha kontakt med meg. Det endar opp med at den Norske kontakt personen for Nordmenn som bur i HK sender ut ein e-post til alle Nordmenna i HK og lurer på om det er nokon som veit noko om meg, og korleis ein kan få tak i meg. Og det er jo heilt greit det. På Lørdagen ringer eg til ambassaden, men eg kjem ikkje gjennom på linja. På søndagen går det betre, og eg kjem gjennom på nødlinja. Då får eg spm. Om eg ikkje kan ringe igjen på Mandag, for det er Søndag i dag. HALLO?! Kvifor trur du eg ringer nødnummeret i det heile tatt. Så eg vert allereie på det tidspunktet litt oppgitt. Men eg får nr. til personen eg skal ha tak i. Personen eg då snakkar med, kjeftar på meg i fem min. utan at eg får sagt så mykje. Det ho seier er omtrent at eg er ein uansvarleg person som ikkje har greid å komt i kontakt med dei før no, personen har ingen informasjon om meg. I folkeregisteret står det visstnok at eg er utflytta og at ingen adresse er registrert på meg. Og at personen har prøvd å koma i kontakt med meg heile veka. Eg vart heilt overraska over kva eg høyrde i andre enden av linja. Er ikkje personar som dette slike som skal hjelpe ein i kriser? Det personen gjorde var å få meg fortvila og stressa. For fyrste gong i heile mitt liv under ein telefonsamtale så var det einaste eg hadde lyst å gjera var å slengja på røyret. Takk for den støtten! Og det verste er at halvparten av det denne personen greidde å lirke av seg ikkje stemte i det heile tatt. Eg har ikkje forandra adressa mi i folkeregisteret, for då hadde eg jo ikkje kunne fått forsikring i frå trygdeetaten, og det var jo dei som kontakta denne personen. Og korleis kan denne personen ha prøvd å ha kontakt meg heile veka når eg knapt nok har vist at eg skal opererast i tre dagar sjølv. Men ho har personnr. Mitt og det er det einaste. Men kan ein ikkje skaffe ein del informasjon når ein jobbar for staten og ein har det nummeret? I det heile syns eg det er uproffosjonelt å behandle ein person på den måten. Personen tenkte åpenbart ikkje så mykje på kva eg hadde gått gjennom dei siste dagane. Eg skjønner jo at dei sikkert var stressa sidan ikkje visste noko om meg og kva som skjedde med meg, og om eg var heilt aleine etc. Men det får no ver måte på. Og når same person i tillegg ringer meg opp igjen, medan eg er innlagt på sjukehuset for å høyre korleis eg har det. Men byrjar å snakka om eg veit kor mykje dette her kjem til å koste, og kva papirer eg har skrive under på. Eventuell eigenandel etc. Men dette her er ikkje for å skremme meg. Neidå, eg har berre omtrent hatt mareritt om personen i tre dagar og no kjem det vell til å fortsetje. Eg veit ikkje om ho prøvde å vera hyggelig (Eigentleg så trur eg ikkje det er mogleg for slike personar men) men ho byrja med ”har ikke du en yngre bror og søster?” Nei, eg har berre eldre seier eg. I alle fall, ho har ein son som er litt yngre enn meg, han er 20. Er det då ein skal byrja å setja spørsmål ved folk? Eg veit sjølv at eg er atten, så korleis kan sonen til denne personen vera yngre enn meg? Eigentleg så veit ikkje denne personen ein drit om meg, og det virkar eigentleg ikkje som det er så interessant heller. Då føler ein at dei bryr seg ja. ”Ambassaden er her for å hjelpa deg, me tenkjer på deg og vil hjelpa deg.” Nei takk, heretter greier eg meg sjølv. Eg har ikkje bruk for personar som berre gjer livet surt for meg.
Har lurt på om eg skal sende inn eit klagebrev, men det vert mine ord mot denne personen som er mykje eldre enn meg og som sikkert har lang fartstid i systemet. Eg skal i alle fall passe meg for å koma i kontakt med ambassadar i framtida.
Forhåpentligvis kjem eg aldri til å snakka med denne personen igjen. No vil eg konsentrera meg om å bli frisk!

Comments

Popular Posts