Kollektivt bad

No vil eg ha snø eller sol her. I går var det 9 grader her, og eg trur isolasjon av hus er eit ikkje eksisterande ord her i Hong Kong. Viss eg sitt nærme vindauga så kjenner er at håret mitt blaffrar lett i vinden. Ikkje at det er det verste, det verst må vel vær vår kollektive toalett/bad. Det er ikkje berre berre å dusja i 10-12 grader, sidan den geniale arktitekten av skulen fant ut at alt skal ha open løysning, så er det å dusja her nærmast som å stå ute i fri luft. Var det frisk luft han var redd me skulle få mangel på? Badet er heildekka med rosa fliser som og er med på å varme badet opp, herregud er det rart at folk lider av bronkitt, halsbetennelsar Etc.?!

Comments

Popular Posts