Alt går i grisen

Eg sitter og drøvtygger på ein tre dagar gamal baguett, men med litt Philadelphia går alt ned. Eller som eg plar sei til meg sjølv; Alt går i grisen! Ein vert ikkje så kritisk til mat etter å ha budd her i to år, ikkje det at eg var så kresen av meg frå før av. Men det som ikkje gjekk ned før gjer iallefall det no. I dag har eg faktisk teke bryet med å laga meg lunsj sjølv, og det smakar til min store førnøyelse godt. Og eg trur maten kjem til å halde seg i magen lengre enn ein halvtime...!
For eit vellykka lunsjmåltid treng du:
4 tomatar
1/2 lauk
Ein dæsj med Oliven olja
Ein dæsj med Balsamico olja
Litt salt og pepper

Det er og til å anbefala å ha litt brød på sida, og viss det er litt tørt (eller som i mitt tilfelle så hardt at du kan drepe ein person med det) så ha eit TJUKT lag med smørost på, det gjer susen!

Dette er oppskrift frå bestemora til Katharina(Austeriket) Eg har tru på denne bestemora hennar, og i August skal eg få treffe salatvidunderet. Eg har faktisk trent på nokre tyske fraser slik at eg med ein gong kjem på god fot med Bestemor hennar, for ho er visst forsiktig med å dele oppskriftene sine. Etter å ha høyrt historiar om ymse salatar ho diskar opp med så er eg interessert i få kanskje nokre av disse oppskriftene hennar.

No ligg det ei god blanding av mat i magesekken min, så no er det kanskje på tide å gjer noko konstruktivt som å få gjort noko eksamens lesing. Den siste veka har eg blitt fulltids kaffi drikkar, er det noko som følger med eksamen eller er det berre eg som innbillar meg akkurat det?

Comments

Anonymous said…
Grov pepar, oregano, og feta ost gjer seg fantastisk i den salaten!!! Ruccola og forsåvidt!

Tusk er enkelt!!!... Alle tyskera forstår tulle tysk,

Viktige frasar, fritt etter Alf Helge sin blomstrande fantasi, og dårlige tyskkunskap:
"Wo ist ihr klosett"
"Eintritt zu Verboten, Ich scheißen"
"Danke, meine name ist.........."

Med forbehold om gramatiske feil, og stavelser... Men DET GÅR an å bli forstått...
Du kan dessuten bedre tysk enn mich!

Men eg får vel 10 poeng for god fantasi??? eller

Popular Posts