Ein slutt, men og ein begynnelse

Ein dag som eg er glad for er komen, men det er og trist og skummelt. Skummelt fordi det betyr at det er to veker til eksamen og er redd for heile greia! Det er trist fordi ein epoke i livet mitt er over. Desse to åra er nett som ei bok, det seier slutt sjølv om du kanskje hadde lyst at boka skulle ha vore lengre, den er av den typen som er altoppslukande, du greier ikkje å leggje den i frå deg. Men det er ikkje noko fortsettelse. Det er ein forsettelse på livet mitt, men ikkje på livet med Qiam, Anders, Meredith+++++ Dei vill alle ver rundt om kring, men eg kjem ikkje til å sjå dei kvar dag, eg kjeme ikkje til å høyra latteren til Tamar kvar kveld når eg legger meg. Eugenia som har eit "corner" som UANSETT om ho faktisk har rydda så ser det ut som det har sust ein tornado gjennom der. Eg kjem til å sakna kvardagen her, sjølv om den er hard. Nærheten til vennene mine og kor viktig dei etterkvart blir. Du blir til slutt både foreldre, søsken og venn.
Dette er ein dag eg visste skulle kome, og det er eit springbrett til min vidare karriere, livet stoppar ikkje opp. Eg har fått mykje å ta med meg, kofferten min har blitt ekstra tjukk.

Comments

Popular Posts