Ung frustrert kvinnne søker råd om tid

Tid er eit konsept eg ikkje forstår. Kvifor er det sånn at eg alltid trur eg har "tonn" av det,så viser det seg at i eit brøkdels sekund har eg blitt vaksen, eg skal ta avgjerelsar for framtida mi, eg skal, eg skal, eg skal visst gjere alt! Frustrasjon? Ung frustrert kvinne søker person som kan besteme framtid sånn ca. 20 år fram i tid.
Saken er enkel, du byrjar på høgskule/universitet går der i 5 år, i løpet av denne perioden har du sikkert møtt den du vil dela livet ditt med. Etter endt skule jobbar du i eit år kanskje to, så vert det barn sannsynleg eit giftermål, kanskje to, det går jo ikkje alltid heilt som planlagt i dette livet. Og når du er 50 år sitt du og lurer på kor alle åra vart av? Og kvifor du ikkje utsatte universitetet eit år eller to, det er jo ikkje slik at det kjem til å forsvinne. Men det gjer ungdommen. Ein vert eldre, meir ansvar vert krevd av ein, og livet vert meir og meir A4. Forresten eg gløymde stasjonsvogn og hunden. Eg tek det kanskje ut til det ekstreme her no, men poenget er at eg vil ikkje ver den normale A4 personen. Eg vil ikkje sitte om 50 år og angre på at eg ikkje tok dei moglegheitane eg hadde då eg var ung. Akkurat no har eg litt forskjellig å velga mellom, folkehøgskule, jobba heima, byrja universitet og frivillig arbeid i utlandet. Det siste er det eg håper å gjer på. Og ingen kan motsei meg når eg seier at det er lærdom i det, reise til eit framand land, lære eit nytt språk ein ny kultur. Det fins andre måter å få kunnskap enn gjennom bøker. Det er ikkje dermed sagt at eg ikkje har tenkt å ta høgare utdanning, eg har hatt for mange fillejobbar til å innsjå at ein ikkje kan gå igjennom livet utan å ha ei utdanning. Men akkurat no er ikkje universitet mitt største fokus, mitt fokus er heller sentrert mot sørligare grader. Eg vil gjera dette no medan eg er ung, eg er lånfri har ikkje noko ansvar for andre enn meg sjølv. Og heime er alltid der, lite skjer, såpass veit eg etter å ha budd vekke. Det kan hende eg angrar om 20 år at eg ikkje byrja rett på universitet og alt det der, men eg trur sannsynlegheten er svært liten.

Comments

Anonymous said…
Hei Ise,

Eg kan vel kanskje gje deg eit par råd,men fyrst... Er det mitt liv du tatt utgongspunkt i? :-)
Uansett, Tida er noko me ikkje kan rokka ved(førebels), men ein må til ein kvar tid vurdera kva ein skal bruka ho til.

Nytta tida fornuftig er noko alle vil, men kva er fornuftig? I mine auge er fornuftig det som eg for tida har lyst til å gjera, og det som eg MÅ gjera. Andre ting er irrelevante, som feks det som ANDRE personar meinar er fornuftig eller ufornuftig.

Sjokket med å bli vaksen har du vel kanskje i større grad opplevd enn oss andre, men alikevel så har me alle hatt den samme opplevinga.
Brått byrjar rekningane å strøyme på, brått må du ringe legen sjølv om du er sjuk, og det viktigaste, du er faktisk ansvarlig for dine eigne handlingar.

Alt dette er skremande for med friheten du har fått som vaksen, kjeme ansvaret.

Eg har vel subba litt rundt i grautfatet no, men det som eg vil få fram er at du bør følgje hjarta og magefølelse.
No som du er "stor" så seier faktisk kroppen din ifrå, dersom det du vil ut på er ufornuftig. Høyr på ditt indre.

Anger er noko som ein blir råka av uansett. Uansett korleis ein snur seg så er rævo bak, og det er ikkje noko ein kan gjera med.

Eg håpa eigentleg at du får noko fornuftig ut av surret mitt, men som eit enkelt råd, kan eg berre sei at erfaringar er noko du ikkje kan få nok av.
Stress og kav blir det nok av, om du utset skulegong og liknande eitt år, betyr ikkje det noko verdens ting.
Ein blir berika på ein herleg måte av å oppleva andre kulturar, og ikkje minst forstå at me alle faktisk har forskjellige måtar å sjå ting på.
Dette gjer ein meir sjølvsikker, og ein utviklar sine sosiale eigenskapar enormt.

Nå sklei eg ut att, og masse surr skriv eg.
MEN, du lever berre ein gong, og livet skal ikkje vera for alvorleg heile tida. Kva har ein igjen for eit A4 liv??!! INGEN TING!
Då er det viktigare å bruka sansane til å oppleva, smaka, ja rett og slett leva livet på ein måte som får ein til å føle at ein verkeleg har levd.

Popular Posts