fraa Yangshou til Dali

Yangshou er ein av dei plassane du verkeleg kunne ynskje at tida berre kunne stoppe opp. Landskapet er saa annaleis enn kva alt anna eg nokon gong har sett. Det er rare fjellformasjonar som omtrent stikk rett opp av landskapet og saa er det heilt flatt ellers. Noko som opnar opp for fantastiske sykkelturar der du ikkje treng slita deg halvt ihjel i oppover bakkar og vice versa. Alt er flat og vil du opp i hogda, maa du ta til fots. Men landskapet er irrgront, kvar enn du snur deg saa ser du bonder som er ute paa risaakrane. Dei jobbar og jobbar og jobbar. Eg observerer, sug alt som er rundt meg inn. Vonar at eg kan koma tilbake ein gong her innan dei neste ti aara og at eg vil kjenne igjen omraadet. Stillheten her minnar meg om heime, atmosfaeren. Det er saa avslappandes!
Me kom oss ikkje avgaarde for 12.30, noko som irriterer meg litt, eg har ein liten mistanke om at me kjem til aa fortsetje med aa ha ettermiddags uttflykter resten av tida me er her. Dei eg reiser med har ein tendens til aa sitje lenge oppe og aa sove litt for lege om morgonen. Men det gjer meg tid til aa vera litt for meg sjolv, noko som eigentleg er heilt greit.
Me fekk tips av av ein kanadiar til aa leige sykkel paa eiga hand utan aa ha guide med oss. Noko som eg trur me eigentleg fekk mykje igjen for. Han ga oss tips om kvar me kunne sykkle til, og Sunneva og Ben har allreie vore her for, saa dei hadde ogsaa litt peiling paa kvar me kunne sykkle til. Forste stopp var Moon Hill. det var eit fjell som var forma som ein halv maane, med eit hol i. Me kunne ga igjennom det holet, og det var kjempe god utsikt paa toppen. Me traff og ein mann i fraa Shetland der oppe, me trudde han kanskje var profesjonell fotograf, men naar Anwen spurde om akkurat det fordi han hadde eit sinnsjukt svaert og noko som saag ut som eit proffesjonellt kamera viste det seg at han ikkje var det. Anwen som er noko kjapp i replikken spurde daa om han provde aa kompensera for noko? Det kunne han bekrefta at han gjorde. Noko som gjorde at det vart mykje latter paa toppen av Moon hill. Me fortsatte aa snakka med han, og han hadde vore paa reis i to og eit halv aar, aleina! Noko som er fristandes aa gjera sjolv...
Etter aa komt oss ned i fraa Moon Hill og bestemt oss for aa mota den noko rare Shetlenderen seinare paa kvelden, traakka me oss vidare. Denne gongen for aa finne ein familie som Sunneva og Ben traff sist sommar naar dei var her. Dei var bonder som budde langs elva som renn gjennom distriktet. Der tok ei oss med paa elve bamboo rafting. Eg har ikkje ord for aa beskriva den opplevelsen. Klokka var omtrent 5 om ettermiddagen, det var svalt, verden var stille og me var paa vei ned ei elv paa noko ubalanserte bambus flaatar. Ein opplevelse som kan anbefalast paa det varmaste.
Neste dag bestemte me oss for aa dra vidare, me hadde alle lyst til aa bli igjen men paa tide a bevega paa seg viss ein skal faa med seg alt ein har lyst til. Dei siste dagane har det vore snakk om aa heika for aa koma seg vidare. Eg kjem aldri til aa gjer det, men nokon har mindre budsjett enn kva andre har. Avstandane her i Kina er enorme, dei virkar ikkje saa langt naar du ser paa kartet, men naar du enedelg sitt paa toget/bussen saa skjonnar ein kva det dreiar seg om. Me tok ein buss i fraa Yangshou inn til Guilin, der ifraa tok me buss til Nanning, som eg ikkje har anelse om kvar er. Ein plass nord i Guanxi, kanskje. Bussturen var paa ein lokal buss utan aircondition. Men turen var billig, eg skal ikkje klaga og me kom oss heilskinna til Nanning. Fraa Nanning tok me tog Kunming, som er "hovudstaden" i Yunnan. Togturen tok 14 timar, me start 0100 om natta og var frame neste dag i Kunming litt over 1500. Etter som me er paa eit stramt budsjett saa hadde me sitte plassar. Noko som opnar opp for kreative maatar aa sova paa. Toget var ganske fult naar me kom paa, saa me var noyd til aa vekke opp mennesker som strekte seg ut over litt for mange seter, noko som ikkje alltid var like populaert. Me fant endelg ein plass der fire av oss kunne sitje. Det var To tre setara som stod mot kvarandre med eit lite bord i midten. Det satt to mannar der, som var svaert hyggeli. Ben, Sunneva og Hannah snakkar basic mandarin, noko som gjer det mykje lettare aa koma seg rundt om her i dette landet. Og naar folka paa toget hoyrde at dei snakka saa kom omtrent halve toget stroymandes til for aa hoyre dei snakke. Eg trur me var god underhaldning for dei. Me snakka med dei ei stud, og han eine mannen var utdanna i alle rettningar. Han hade tjenstegjort i militearet i uendeleg mange aar, men var utdanna advokat men jobba som politimann. Ben og Hannah og Sunneva fortalte paa mandarin at me studerte i lag i Hong Kong. Det dei ikkje greide aa formiddla var at me alle tok forskjellige fag, at eg ikkje hadde tatt mandarin. Noko som denne mannen ikkje forstod. Det enda opp med at han sikkert trudde at eg var tilbakestaaande eller noko slikt naar det kom til mandarin. Saa dette bestemte han seg for at han skulle fikse, med aa gje meg intens undervisning i mandarin. Forste leksjon byrja klokka sju om morgonen, daa vakna han opp etter aa ha sove paa golvet under stolane me satt i! Hannah hadde med seg ei bok med ulike kinesiske karakterar som hadde pin yin form og engelsk oversettelse ogsaa. Han fant ei side med ulike matrettar som ris, kat, hund, fisk, nudler osv som forst han leste til meg ogsaa maatte eg gjenta. Han gjorde og immitasjonar av det han sa til meg slik at eg skulle forstaa det han sa, for han skjonnte ikkje at det faktisk var skrive paa engelsk i boka ogsaa. Noko som forte til noko morosame opplevelsar. Etterkvart vart eg svaert trott ettersom eg ikkje hadde sove paa 24 timar, noko som gjorde at leksjonane vart enda hardare aa fylgje. Eg byrja saa smaatt aa gje smaa hint til han om at eg var svaert trott og omtrent la meg ned for aa sova. Til slutt kom Hannah til min redning og tok meg med til nabovogna der ho hadde funne to tre setara som me kunne sove paa. To timar gjekk og eg vaakna opp av at nokon kom og rista meg i foten. Det var min kjaere learar. Hannah fekk formiddla at eg var for trott til aa jobbe no, og maatte faa sove. Ein time til med sovn fekk eg for han kom trippandes tilbake for aa laere meg meir. Dei siste timane for me kom til Kunming var eg til underhaldning for togvogna me satt i, dei lo av uttalen min og eigentleg det meste eg sa og gjorde. Men no kan eg baade skrive og telje til ti. Eg kan sei hovud, oyra og nase og kanskje litt meir. Kinesaren hadde paa eit tidspunkt fortalt Ben at han syntes at mandarinen hans var mykje betre enn kva den til "ho norske." Noko som Ben syns var morosamt ettersom han visste at eg aldri har studert mandarin, men at han sjolv hadde gjort det i to aar, og han haapte for guds skyld at hans mandarin var betre enn min ettersom eg har berre hatt eit to til tre timars intensiv kurs i mandarin.
Me kom til Kunming og bestemte oss for aa reise vidare med ein gong, ny busstur. seks timar denne gongen. Klokka ti om kvelden kom me humpandes ned fjellsidene i Yunnan til DaLi. No sit eg paa MCA i Dali, og ventar paa at mine reisevenner skal gjera seg klare til dagens utflykt. Eg har vore oppe sidan klokka aatte i dag morges, no er klokka 12 og ting skjer framleis ikkje. Og igjen ynskjer eg at tida kunne stoppe opp for det er saa fantastisk her. Eg skal prove fraa no av aa halde meir dagleg oppdateringar, har omtrent krampe i handa etter aa ha skrive saa mykje...

Comments

Anonymous said…
godt å høyre at du er i live, og at du har med nokre som kan snakke mandarin.

Popular Posts