To år er ingenting i det lange løp

Så er dagen komen der eg skal forlata LPC og Hong Kong. Eg har så mangen ulike følelsar at eg veit knappt nok kvar eg skal gjera av meg.
To år verka for meg ein evighet før eg kom, men og ikkje så altfor lenge. Eg reiste avgårde til ein plass der eg kjende absolutt ingen, dei einaste du følte du hadde litt samhøyrighet til var dei andre som kom i frå Noreg. Men dei var framleis framande. For to år sidan visste eg ikkje kven Meredith, Tamar, Katharina og alle dei andre elevane ved skulen her var, i dag er eg så knytta til dei at eg skjønnar ikkje korleis eg skal greie meg vidare i kvardagen utan dei. Me gjorde alle eit bevist valg ved å koma her til, reiste i frå alt og alle heimante. Det har vore stunder når eg har angra på at eg reiste, at det vart ein for stor overgong. At eg overidealiserte heima, det var dei som var sikker på at eg ikkje kom til koma tilbake etter fyrste semester fordi eg berre tenkte på kor mykje betre eg ville ha hatt det viss eg var heima. Det har tatt si tid, men etterkvart så har det skjedd ei forandring. Hong Kong er i dag for meg likestilt med Norge som ein heim. Det er det som gjer det så vanskelig å forlata plassen. Venner som eg har delt så mykje med, som har satt sitt preg på meg. Kva tid vil eg nokon gong har moglegheiten til ha ein nabo i frå Israel eller Ungarn. Berre på "girls corridor" i blokka mi så er det representert 19 ulike nasjonalitetar. Det er ganske spesielt.
Dei siste dagane har alt gått ekstremt fort, og eg har ikkje fått snakka så mykje med alle dei eg hadde tenkt til, men ein god grunn til å prøve å få møtt dei igjen. Om ein halv time reiser eg til Kina, og i morgon er eg i Guilin.
Skal prøve å halde bloggen oppdatert medan eg reiser...

Comments

Anonymous said…
heldigvis er verda så lita at det er mogleg å treffe alle igjen. God tur til rundt i Kina.
Anonymous said…
God speed... *snufs*

Popular Posts