Yangshou

No har eg vore to dagar (nesten) i yangshou, det er vanvittig flott her. For dei som har litt peiling paa Kina saa er det naerme Guilin, som er verdskjend for sin vakre natur. Me tok buss i fraaa Shenzhen, det tok ca. 9 timar. Me reiste om kvelden\natta og me hadde "sove" buss, eg sov ikkje saa mykje at det gjorde noko. Senga var akkurat 1.80, og det er akkurat lengda mi, men eg skal ikkje klaga, det var nokre lange danskar paa same bussen som eg er ganske sikker paa hadde ei verre natt enn kva det eg hadde.
Seinare i dag skal me ut paa sykkeltur, kanskje ganske snart. Det ser eg fram til, kunne ha tenkt meg aa ha vore med paa elverafting, men det er ikkje saa mangen i gruppa mi som er saa gira paa akkurat det. Eg skulle ynskja at eg kunne ha lagt innpaa nokre bilder her, men faar ikkje lov av folka som eig plassen. Yangshou er turist plassen i Guilin, sjolve Guilin er ein industriby som ikkje er noko vidare fin. Eg er ganske overraska over antallet turistar som er i omraadet, for dei som har kjennskap til Khao San road i Bangkok, saa kan det tidvis minne litt om det. Men Kina er framleis noko for seg sjolv. Det som gjer det ekstra tilfredstillandes aa reisa her, er at eg kjenner historien til landet. Eg og Hannah satt og aat frukost ute paa gata, og eg satt og saag paa nokre gamle damer. Det eg byrja aa tenkja paa daa var alt det dei maatte ha opplevd. Dei var ca. rundt 70 aar og har sannsynlevis opplevd baae, kulturrevolusjonen, borgarkrigen osv. Landet her har saa mykje historie at det vert vanskelig aa fordoya altsaman. Eg gledar meg til aa koma til Beijing. Er litt gira paa aa utsetja billetten min eit par dagar slik at eg kan reise til Shanghai ogsaa. Neste stopp vert Dali, som er i Yunnan, naboprovinsen til Tibet. Der skal me paa fjelltur!

Comments

Anonymous said…
kjenner at det kriblar i heile meg, du er kjempeheldig....
Anonymous said…
no sit eg med kartet over Kina og prøver å følje med i reiseruta di. Hugs at du skal starte i sommarjobb den 20.06...Eg trur ikkje du hadde fått med deg alt i Kina om du hadde eit år til disposisjon. God tur forsatt til deg og Hannah

Popular Posts