Shanghai my heart!

Eg er i Shanghai, opplever ein annan kultur som ikkje kan samanliknast med kulturen i Noreg. Eg sitt i Wu Lun garden, som openbart er ein av dei mest attraktive turistdestinsjonane i Shaghai. Eg likar ikkje det eg ser. Me paserte nett ei gruppe med Amerikanske turistar, ei kvinne i gruppa utbryt hogt "STARBUCKS!" Starbucks eit amerikansk konsern som sell kaffi, og som har som strategi aa "utrydda" uavhengige smaa kaffibutikkar som til dags dato er meri for dei urbane omraader. Men naar eit menneske saa aapenbart viser at ho heller vil ha Starbucks enn aa eta kinesisk mat, saa vert eg smaa irritert. Ein kan ikkje forlange same standaren i utlandet som den ein har heime. Det vert heilt feil, eg likar ikkje den kvite turist som eg ser gaar i gatene rundt meg i Shanghai i dag. Eg vonar ikkje eg endar opp slik, kanskje eg generaliserar for mykje?
Medan eg var i Dali i Yunnan hadde eg ein liknandes opplevelse som no. Plassen som me budde paa var heilt fantastisk. Familien som dreiv staden hadde laga det til slik at omraadet var stort, at ein kunne bevega seg inne paa omraadet der me budde. Mannen i familien var kunstnar og hadde eit eige kunstgalleri paa staden. Dormen me budde paa var eit svaert kvitt rom som var fylt opp med kunst som han hadde laga, eit behagleg rom. Eine dagen eg satt og skreiv e-postar saa kom det eit par og byrja aa snakka med kunstnaren. Forst saa hoyrde eg ikkije saa mykje paa samtalen men naar ho byrja aa seie ting som "korleis fasilitetane var tilrettelagt for at dottera hennar som er kunstnar kunne koma til Dali og ha med seg barnet og manen sin", "om kor lenge ho kunne eventuellt bu der og kanskje ha med seg musikara for aa skape den rette stemninga , om mogleg starte opp med yoga." Ho fortsatte med at ho kunne hjelpa han med aa opna opp for at Dali kunne bli eit kunstnerisk senter i Kina eller iallefall i Vest-Kina. Ho var rett og slett fael. Eg opplevde ho som pompoa og ei dama som skal prova aa forandra, gjera verda betre med fokusera paa det som ho syns gjer verden betre. Blanda samen ulike kulturar i ei slags suppa? Eg vert skremd naar eg treff slike folk. Eg er ikkje vane med slike folk heime. Paa ein maate saa er eg glad at eg ikkje har opplevd Nordmenn som er slik, eg foler ikkje at Nordmenn har den same trangen til aa eksponera den Norske kulturen til resten av verden. Ikkje at det var det denne kvinna gjorde men maaten ho framstaar paa oppfattar eg som daarleg reklame for den vestleg verda i Asia. Globalisering er eit ord som feiar over sinnet mitt. Men eg skal ikkje gaa inn paa det akkurat no. Eg er her for aa oppleve, reise. Politikk faar ver til ein annan gong.

Comments

Anonymous said…
Hei og hå Ise!

Kjekt å lesa om dine opplevingar, skulle ønskja eg og kunne vore med på turen... Vil berre informera deg om at eg har overført nokre $$$... så nå kan du kjøpa deg noko fint!! Suss te jento. Gla i deg.

Klem frå Anette

Popular Posts