La det Meliss!

Kom Julestemning og treng deg på for her skal du motstand finne!
Slik byrja det, og slik endar det. I eit augeblikk av galskap så fant eg ut at i dag skal eg stå tideleg opp og gjer noko nyttig. Så no sitter eg her og klamprar i veg. Planen var å få ein stille morgon for meg sjølv, der eg kunne sitte i sofaen og kikke på snøen som lava ned utanforbi. Så skjedde ikkje. På sofaen ligg bror min og pustar så tungt at det er på kanten til snorking og på stovevinduet er det lett småyr som kjem ned. Det var takke for å stå opp klokka sju.
Når eg var liten hadde eg ei glaskule med vatn og ein liten by inni. Når du rista på denne kula så kom det fykande noko ”snø”. Eg lurte på om det var mogeleg å gjere noko slikt i den verkeleg verden. At nokon kan setje opp eit glasvakum over Lio? La det bli snøøøøø! Det kan dale ned meliss for min skyld, berre det ikkje er regn! Eller er det no eg skal gå rundt og lime kvitt papir på vindauga og lure meg sjølv til å tru at det er snø ute, ei ”kvit løgn” i ordets rette forstand?
No er det byrja å bli liv på sofaen så kanskje eg skal gå og skubbe vekk vedkomande og få han til å lage frukost? Som eit plaster på såret for at eg stod opp så tidelig.

God Meliss Jul

Comments

Popular Posts