Lutafisk

I dag bestemte eg meg for at det var på tide og prøva å smaka lutefisk. Mamma hadde vore på butikken og kjøpt dette. Det vart gjort klart til eit aller så lite festmåltid, trudde me.
I lørdags utgåva av Bergens Tidene var det ein interessant kronikk som omhandla julemat og kvinner si rolle i forhald til det. I følge forfattaren er dagens nybaka huskoner ikkje dei flittigaste til å laga julemat. Tradisjonen tru, så krevst det litt kunnskap for å koke som i våras tilfelle, lutafisken på det rette viset. Det er helst den eldre garde som kan skryta på seg kunnskapar på den fronten. Eg har nok ei bestemor om ikkje to, som har dratt nytte av tid på husmorskulen. Vidare meinte forfattaren at det var mannen som til slutt tok over, eller svigermor fordi kona/svigerdattera ikkje hadde anelse om korleis ein skal tilbereda slik mat. Kunnskap om korleis ein skal tilbereda god julemat er nok ikkje gjort i ei vending, og det er jo berre ein gong i året at ein skal ha sju sortar, pinnekjøtt, svineribbe, medisterkaker, denne lista kan nok enda opp med å fylle opp resten av sida så eg stoppar her.
Tilbake til lutfisken til mamma. Tideligare på dagen hadde me vore på haste oppdrag med pappa for å hente fisk og kjøtt slik at me ikkje skulle svelte i hjel i jula. Medan me stod og kikka ned i ein av fryseboksane hans, drog han opp ein pakke med lutefisk. Mamma var ikkje heilt sikker på om ho ville ha det med seg, eg kan ikkje med hånda på hjerta sei om det var på grunn av at det er få som et det i familien eller at ho tvila på sine kunnskaper i å tilbereda fisken. Med eit entusiastisk smil sa pappa at det ikkje var så vanskelig å tilbereda lutefisk. Han byrja på ein leksjon. Her skal det vell nevnast at han prøvde å gje ein leksjon, han kom aldri så langt for kjære mor satte den kritiske sida til og lurte på om han stilte spørsmål ved kokekunnskapane hennar. Å sei noko slikt er jo som å be om bråk. Heimatt bar det, og lutefisken enda opp i gryta.
I etterpåklokskap så kunne det kanskje vore greit å ha latt pappa få ha den leksjonen, men av grunnar som eg ikkje skal gå så djupt inn på kokkelerte mamma i veg på eiga hånd. Eg sett svært stor pris på all maten mamma lagar men synet som møtte meg på kjøkkenbordet i dag var eit som kvar og ein ville sett eit sprøsmålsteikn til. Det låg ei tjukkflytande masse oppi glasforma. Det var litt kvitt og litt grått om ein annan. Ikkje eit syn som inviterte til ein kulinarisk opplevelse.
Eg som skulle ha min første skikkeleg lutafisk middag, gjekk i frysen og fant meg middagspølse etter at bror min kom med uttalelsen ”Da smake lim!” Mamma som hadde sett fram til denne middagen like mykje som oss andre, var svolten som ein ”bjørn” og hadde blodsukker lik null. Enden på visa var at ho som ikkje plar heva røysta så høgt kom med eit utsagn som lyder som følgande ”Pipa, piss, skit og padda.” Eg og broren min som skjønte at lunta var, og kort prøvd fåfengt å halda latteren inne. Om ikkje lutafisken var i sitt ess så visste det seg at safta var gjæra. Då kom det i frå mamma ”Fleire klager no, så…!” Me teia begge to, men hadde begge eit stort behov for å le.
Frå tideligare år så veit eg at det ikkje er noko fare med den verkelege julemiddagen, pinnakjøtt. Den kjem ikkje til å vera i sundt kokt og smaka som lim. Då er det berre til å ønskja God Jul!





(Ps. Kvaliteten på lutafisken var i utgongspunktet så som så…)

Comments

Popular Posts