Over og ut

Ettersom eg mistenker sterkt mine engelskspråkeleg vener for å ALDRI faktisk lese noko som helst på desse sidene, slår eg brutalt over til mitt kjære morsmål. Dåke er avslørt pga av ymse epostar eg har motteke i det siste! Og ja, eg veit. Dåke skjønar ikkje kva eg skriver no, men ser du at det bryr meg?!

I min frustrasjon over livet i dag, egientleg så er eg jo faktisk ei nøgd og kanskje over gjennomsnittet blid jenta, så har eg bestemt meg for å legga inn eventuelle årer eg har ute og sei at no er det stopp. Lesara kan kanskje undra seg over kva det er eg maser om no. Men i dag er eg trøtt og tidvis lei. Nå kjem ordet som eg er på jakt etter. Frustrert. Ikkje som i frustrerte huskoner, men som i. "Eg har hatt eksamen i dag og det gjekk ikkje smurt for å sei det slik." Er det då me takkar våre fedre for sine utsagn, meir spesiffikt vert det vell "sitt utsagn;" "Iselin, Einstein strauk på eksamenen sin han og..." No kjem ikkje sensuren før i Januar, men som ein av vaktene sa "For dåke som tek denne eksamenen som ein tentamen, så er det påmeldigsfrist den 15 Januar til vår eksamenen." Takk for informasjonen eg skal legge det på minnet.

No skal eg ned på Vektertorget og få ut litt frustrasjon, kanskje eg skal byrja med kick boksing. I augenblikket så har eg ein del adrenalin energi som pressar på for å koma seg ut. Går det faktisk ant å skrive adrenalin energi? Jammen santen om eg veit, men så kom eg opp med noko nytt i dag og.

Comments

Popular Posts