Susa i hodet

I min søken etter svara på dei store spørsmåla i livet mitt har eg i min underbevisthet fått svaret på eitt. I og med at eg sitt her no og skal leggje det fram, har det tatt steget fram i dagslyset. Eg sitt her i rein etterpåklokskap og lurer på kva som eigentleg skjedde med mine fremadstormande planar om å ”susa” igjennom pensumet for matte og kjemi på 3 mnd. Eg enda opp med eine foten i grava, i allefall økonomisk. Slik kan ein ikkje fortsetja. Eg har lagt meg på minne at eg er ein person som er lite strukturert verken når det gjeld studier eller pengar. Sistnemde kunne like gjerne ha vokse på tre for min del, men slik er det no ein gong ikkje. Og som mamma med eit smil proklamert i dag ”Ja, no er det ikkje eg så skal betala for deg lengre.” Og som om det ikkje skulle ha vore nok med ei mor, så har faktisk mi kjære søster tatt, heilt uanfekta tatt på seg som rolla som ekstra mor. Som tek på seg ansvaret der mi opprinlege mor har trekt seg litt tilbake med hensyn til at eg skal bli eit uavhengig menneske. Der kjem ”twisted sister” inn på banen og skal gjer sitt for at eg skal bli eit betre menneske. I alle fall i alt som dreiar seg om det økonomiske i livet mitt. Eg har funne ut at eg snart kan sei opp bankkontoane mine og eventuelle sparekassar for at ho kan overta dei. Til tider har ho meir kontrol enn eg har. Ho har og verre hukomelse enn ein elefant og difor har omtrent full kontrol over alle bevegelsar på kontoen(ane) mine for dei siste fem åra. Rart ho blei lærar og ikkje revisor for eit eller anna firma. Ein liten digresjon her no, men i alle høve eg har innsett visse begrensningar og det kom ikkje for seint. Eller kanskje det gjorde det, fordi det på mystisk vis forsvant ein fin slump med pengar frå kontoen min for å dekkja eksamensavgifter. Så no sitt eg her med skjegget i postkassa og lurer på dette livet og kva eg skal ta meg til. Akkurat no er ”Lenge leve bohemen” klistra på hjernen min. Er det mogeleg å få bukt med slikt?


Sitat for dagen:

”Eg blir irritert når ting ikkje blir sånn som eg har tenkt dei skal ver.”
(underteikna overhøyrde medan søster snakka i telefon. (antaglegvis med svoger))

Comments

Popular Posts