Nokon som passar for meg?

Eg har no tatt fatt på den omfattande jobben å finna ei utdanninng som passar for meg. Eg har ein del kriterierier som at det skal vera noko eg har genuin interesse for, at visst eg på eit seinare tidspunkt i livet ynskjer å flytte tilbake til heimkommunen min så har anleding til det. Samtidig bør lønna ver ok etter endt utdanning og at det er gode jobb moglegheitar.
Mange kriteriar, men er det realistisk at eg kan finne eit yrke som oppfyller alle krava mine?
Det er då eg lyt ta fram silen og riste litt på den og sjå kva eg sitt igjen med.
Eg har ulike fagområder som interesserar meg; biologi, språk og samfunnsfag. Det ideelle ville jo ha vore om eg kunne fått ein kombinasjon av alt dette. Men ein kan ikkje få i båe pose og sekk. Så ein får dele det litt opp. Innan biologi så er det den akvatiske delen som tiltrekkkjer. Dermed er havbruksbiologi eit godt alternativ. Dette kan eg studere i Bergen, for tida er det gode jobb moglegheitar, men vil situasjon ver den same når eg er ferdig om 3 år, eventuelt 5 visst eg inkluderar ein master grad? Vidare har eg lurt litt på Russiske studier, her får du heile ”pakken”, samfunnsfag, historie, kultur og språk. Dette vekkjer mi interesse, men har eg moglegheit til å kome heim med den utdanninga?
Heile livet har eg sagt at å bli lærar er heilt uaktuelt i og med at brorparten av familen tilhøyrer det yrket, men det gjer meg jo dessto meir arveleg belasta. Men så har eg nokre argument for å ikkje velje denne vegen, ein av dei mest påfallande er at eg ikkje vil bli ein sosialarbeidar. Med sosialarbeidar så meinar eg at lærarane har for mykje ansvar i forhald til elven, ansvar som ein kan mistenkja heimen for å ha fraskrive seg. Så visst eg skal driva å oppdra ungar i tillegg til å formidla kunnskap så skjønnar eg ikkje korleis eg skal få tid til begge. Skulen er rett og slett blitt ein oppbevaringsplass for ungdom, ikkje ein læringsplass slik som det eigentleg burde vore.
Sidan eg den siste tida har jobba som vikar på sjukeheimen så er det mangen som spør om eg ikkje kunne tenkt meg å ha blitt sjukepleiar. Jo, kvifor ikkje? Men det kjem eit men, det gjer det alltid. Det er alltid manko på arbeidskraft innanfor det yrket, dei som går 100% er ofte så utslitt at dei etter ei stund blir sjukemeldt eller må gå ned i stilling. Å gå ned i stilling er ikkje noko gale, men kva kan ein gjer for at ikkje sjukefråværet vert så høgt og at arbeidsvilkåra for dei vert betre? Sjølv om ein har treårig utdanning så er lønna så lav at det ikkje rekker til å fø ein familie. Og her kjem eit anna kriterie inn som eg gløymte i byrjinga, visst eg nokon gong får ein familie så vil eg tjene så mykje at eg greier å brøfø den på eiga hand visst eg endar opp utan partner.

Eg trur endo at eg ikkje har blitt noko klokare, kanskje eg er for negative i forhold til kva yrka har å tilby i forhald til kva eg sjølv krev av dei. Men då er det berre å leite vidare i ”havet av moglegheitar”.

Comments

Anonymous said…
Eg har svaret! KOMMUNEPOLITIKAR!
Hadde vore genial jobb for deg!

Popular Posts