Selektiv hørsel

Noko av det mest irriterande som finnst her i verda er folk som ikkje høyrer etter når ein snakkar til dei. Nokre kan lide av dårleg hørsel, som er tigjevleg, medan andre, som i dette tilfellet er mor mi, lider av ein utprega variant av selektiv hørsel. Når eg var mindre så greid eg ikkje å gjennomskue ho, men etter åras løp har ho fått eit umiskjenneleg utrykk i andlete når ho ”høyrer” etter, men eigentleg så tenkjer ho på om det kanskje var eit 6 tall ho skulle ha skrive i Sudukoen for å ha fått den til å gå opp. Tidligare i veka gjorde ho det same då eg skulle fortelje ho om kor støl eg hadde blitt i beina etter eg hadde ridd. Medan eg stod å forklarte byrja ho demonstrativ å leita opp i ein pose etter noko som sikkert ikkje var der. Akkurat i det tilfellet var det vell ikkje selektiv hørsel ho lidde av, men rein skjær uinteresse for akkurat det eg hadde å fortelja. Igjen sitt eg og prøver å formiddla noko til ho, men ho er meir interessert i å klø seg på naso og lesa i aviso enn i heile tatt å høyre på kva eg har å sei. No har eg prøvd å sagt til ho at det har teke 20 min å få opna eit vindauga i nettlesaren, slik at eg får søkt på sommarjobb, men eg kunne visst berre ha heve heile laptopen ut vindauga og ho ville ikkje så mykje som ha letta på brilleglaset. Eg er no så hissig at eg held på å skyta gjennom taket og mamma sitt der og nyt stillheten medan ho les aviso

Comments

Anonymous said…
Hey Ise, I love ya, but I just can't speak Norweigan. Give me an update in a language I can understand, por favor.

Love you darling,

Popular Posts