Kva er det med dei?

Ja kva er det med desse Bergensarane? Eg skal ikkje leggja meg på ei altfor generaliserand linje, men innan den siste månaden har eg hatt to uhyggelege møter med to særs ublide Bergensarar. Felles for dei begge er at dei er kvinner og over femti. Det siste møtet hadde eg berre for nokre dagar sidan. Eg stillte meg i kø, og tenkte faktisk over kvifor det stod ei dame på motsatt side i den ubetjena kassen. Kvifor stod ho der? I det eg legger varene mine på rullebåndet stiller ho seg midt i mellom meg og ho som står framom meg og skal til å betala. Eg tenkjer med meg sjølv om eg skal sei noko men bestemmer heller meg for at eg skal sjå stygt på ho. Ho merkar nok blikket mitt for eg kan sjå eine auga hennar skula mot. Så snur ho seg mot seg og seier "Jeg stod i køen, jeg måtte bare telle pengene mine, så jeg var før deg i køen." Så vidt eg kan erindra så stod ho ikkje føre meg i køen, og kvifor i himmlens namn og rike skulle ho no telja ein femti lapp? Som ho gav til kassadama. Eg repliserte med ein litt aggresiv tone at "der eg kjem i frå vert det kalla sniking!" om ho høyrde eller ei veit ikkje eg. Sagt skal vera sagt og det er at det er ikkje berre uhøfleg ungdom rundt forbi, fordi når ein gong prøver å vera høfleg så skal du sjå at dei hive det tilbake i andlete på deg. Dette er mitt andre ublide møte med kvinneleg Bergensar over 50 år. I det eg går ut i frå ein butikk i sentrum tenkte eg at eg skulle vera høfleg og halda døra open for dama bak meg. Eg veit ikkje om ho sa det så høgt, men det føltes som at ho skreik det til meg fordi eg vart så overraska over tilbakemeldinga og den var "Jeg greier meg selv!"
Så mykje for den! Ein treng vel ikkje vera verken 19 elle 90 for å bli glad for at nokon held døra open for deg. Heller det enn at ein endar opp med ein kul på naso i det personen føre deg smeller døra att.

Comments

Popular Posts