Ein netthandel

Tideligare i dag sendte eg avgårde ein svært forklarande e-post til mor mi om korleis ho skal bestille nokre bøkjer til meg. Eg kunne forsåvidt ha gjort det sjølv, men pengane heng ikkje nett laust i slutten av mai månad når siste del av stipendet er brukt opp for dette året. I det eg gjorde meg ferdig med "til venstre er ein grå rubrikk", "trykk der", "vent til sida vert lasta opp" osv. Kom eg til å tenkja på om eg eigentleg behandlar ho som ein uvitande i forhald til å gjennomføra ein netthandel. Eg fekk kjensla av å skriva til mor mi som at eg skulle ha vore hennar mor. Men etter at eg i fjor bestillte flybillett til ho og tantene mine over nettet, og dette vart sjølvsagt då ein e-ticket haldt det på å gå rundt for mor mi. Ho storma over bakken til tanta mi og fekk raskt ut ein papirlapp der det stod spesifisert at billetten og alt som fylgjer med var lagra på Visakortet hennar. Gud betre meg for ein teknologi!
No gjennstår det å sjå om ho tek e-posten min som ei bruksanvisning eller om eg får ein sarkastisk e-post tilbake om at "dette har eg faktisk gjort før, eg er ikkje heilt uvitande!"

Comments

Popular Posts