Angkor wat


På nederste biletet er me framfor hovudinngongen til Angkor Wat. Det vart bygd mellom 1113 og 1150. Angkor Wat tyder noko som " the city which became a pagoda" Og sant å seia så tok det si tid å få med seg alt. Me kunne sikkert ha brukt både to og tre dagar på denne staden. Det er bygd opp litt som ein festning, med vatn rundt heile området, ikkje nett ei vollgrav men. Faktisk så fungerte området som hovudstad i ein periode. Det som var mest fasinerande var å sjå på alle utskjeringane dei hadde av hindu/buddhisme forteljingar. Så me gjekk langs veggar som var på det meste 100 meter lange som kvar fortalte sin historie.

Øverst: Det var mange fløyar som stakk litt ut, slik at ein fekk litt oversikt.

Comments

Popular Posts