Kambodsja

Etter ei 44 timers reise som har ført oss til ja om lag halve jordkloden rundt har me endeleg nådd fyrst mål, Siem Reap. Her skal me for det meste besøke Angkor, som er ein gamal tempel by. Å vera tilbake i Asia, der Hong Kong var fyrste stopp på den uendelg lange flyreisa vår, så var det med ei viss melankolsk stemning eg observerte alle kineserane. Men eg får spare meg litt til eg faktisk kjem til byen og berre ikkje er i overgongshalen på flyplassen.

Å koma til Siem Reap og sjå verdens finast, endog sannsynlegvis minste flyplassen eg har vore på så var det å få sola i ansiktet den aller aller beste følelsen eg har hatt på ei lang stund. Fyrste dagen i Siem Reap gjekk med til å sova, eta og sjå seg omkring. Traffiken her er jo like vanvittig som alltid. Eg har aldri forstått kvifor dei vaksne har på seg hjelm medan barna sit utan. Men det aller morsomaste var når me såg ei kvinne som kjørte med mannen sin og sat og strikka/hekla på baksete. Dette er jo faktisk ein god grunn for mamma å få seg ein ny mann slik at ho kan effektivisera strikketida si enda betre, om folk hadde kikka rart når ho kom på ein motorsykkel type Harley Davidson er ei anna sak…

Andre dagen starta me med å leige oss sykklar, i byrjinga var eg ein smule skeptisk då det tilsynelatande ikkje verkar som om at dei har nokon trafikkreglar å forhalda seg til. Det einaste er at ein tuter på kjøretøy som er mindre enn ein, så i og med at me hadde syklar og ingenting å tuta med så kan ein vel trygt slå fast at me var dei mest utsatte i trafikken. Fyrste tempel på lista vår var Angkor Wat, som i seg sjølv er ein liten by innanfor alle dei andre tempela. Fyrst var me redd det skulle vera altfor mykje folk der, men omtrent heile tida me gjekk rundt der så var me heilt aleine. Til anbefaling for dei som tenkjer på å reise hit så er ein guide som beskriver det ein ser godt å ha. Utanfor sjølve tempela er det mange barn som sel guidar, endog falske, men som gjer si nytta. Berre pass på at du ikkje endar opp med å betale $7 og to minuttar seinare så får vennina di tilbud om å kjøpa den same til $2… Etter Angkor Wat bar det vidare til Bayon. For at dette skal bli forståeleg for dei som ikkje har vore her, så er det lettare å fylgja med på bileta.
 PS! For dei som har ungar og likar å reise, me traff på ein familie med heile 4 born som var på tur, så barn er definitivt inga hindring for å oppleve verda!

Andre dagen vår rundt i Angkor på sykkel var definitivt den flottaste dagen. Me var meir effektive med tida, og fekk både sett og opplevd meir. Med var faktisk i tempelet der tomb raider vart spelt inn. Der prøvde me oss på nokre Angelinasprell, til stor glede for ei japansk turistgruppe. Så då tok me litt ekstra av. Å bruke sykkel for å koma seg rundt er dessidert den beste måten å koma seg rundt på, for då får ein faktisk sett mykje meir. Som eksempel kan eg nemna når den lokale politimannen viste feil veg og me enda opp på motsatt side av hovudinngong til eit tempel. Men det var jo heilt fantastisk i og med at det ikkje var ei sjel der! På vegen tilbake til hostelet den kvelden tok me ”feilvegen” og enda opp med å sjå på solnedgongen medan me såg på nokre born som leika med ein drage. Nett då skulle eg gjerne ha vore liten og ikkje hatt ein bekymring i livet.

Tredje dagen på sykkel, litt sår i rumpa, og ikkje så særdeles effektive med tida. Me humpa rundt, men det er eigentleg begrensningar på kor mykje ein greier å fordøya av historiske stader. Rett og slett å sjå seg blind kan ein vell trygt seia.

Comments

Popular Posts